Apostelgjerningane 20 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

I Makedonia og Hellas

1Då ståket hadde stilna, sende Paulus bod etter læresveinane og sette mot i dei. Så bad han farvel og tok ut; no ville han fara til Makedonia.

2På ferda gjennom desse bygdene tala han mykje som var til trøyst og kveik for dei truande. Han kom så til Hellas,

3og der vart han verande i tre månader. Då han skulle fara derifrå og til Syria, fekk jødane til ei samansverjing mot han; difor sette han seg føre å venda attende gjennom Makedonia.

4Saman med han på ferda var Sopatros frå Berøa, son til Pyrrus, Aristark og Sekundus frå Tessalonika, Gaius frå Derbe og Timoteus, og frå Asia Tykikus og Trofimus.

36Då han hadde sagt dette, bøygde han kne saman med dei alle og bad. 21,5

37Då brast dei alle i gråt, og dei tok Paulus om halsen og kyste han.

38Det som gjorde dei mest sorg, var det han hadde sagt, at dei aldri meir skulle sjå han att. Så fylgde dei han til skipet.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help