1Betre å vera fattig og heil i si ferd
enn å vera ein dåre som talar lygn.
2Jamvel iver er gagnlaus når det vantar vit,
og den som har hastverk, trør feil.
3Ein manns dårskap fører han til fall,
men i sitt hjarta er han harm på Herren.
4Den som er rik, får mange vener,
men den fattige misser den venen han har.
5Falske vitne slepp ikkje straff,
dei som fer med lygn, går ikkje fri.
6Mange smeikjer for dei store,
alle er vener med dei rause.
7Fattigmanns frendar hatar han alle,
jamvel venene held seg borte.
Han vil vinna dei med ord, men dei kjem ikkje.
8Den som vinn seg skjøn, har livet kjært,
den som tek vare på vitet, finn lukka.
9Falske vitne slepp ikkje straff,
dei som fer med lygn, går til grunne.
10Det høver ikkje for dåren å ha gode dagar,
enn mindre for trælen å rå over fyrstar.
11Klokskap gjer mennesket langmodig,
å tola urett er ei ære for mannen.
12Kongens vreide er som løvebrøl,
hans velvilje er som dogg i graset.
13Ein uvitug son er ei ulukke for far sin,
kvinnetrette er som si-drop frå taket.
14Hus og gods er fedrearv,
ei vitug kone er ei gåve frå Herren.
15Latskap svæver tungt i svevn,
og letingen må svelta.
16Den som held bodet, tek vare på livet,
den som ikkje vørder si åtferd, må døy.
17Den som hjelper ein arming, låner til Herren,
og Herren løner han for hans velgjerning.
18Tukta son din medan det enno er von,
men lat deg ikkje riva med så du drep han.
19Den som lèt sinnet ta makta, må bøta;
vil du hjelpa han, må du gjera det atter og atter.
20Høyr på råd og ta imot formaning,
så vert du vis til slutt.
21I mannens hjarta er det mange tankar,
men Herrens plan står fast.
22Det ein ventar av mennesket, er truskap;
det er betre å vera fattig enn å fara med lygn.
23Age for Herren fører til liv;
mett kan ein gå til nattekvile
og kjem ikkje ut for noko vondt.
24Den late stikk handa i fatet,
men får henne ikkje opp til munnen eingong.
25Slår du ein spottar, vert styvingen klok,
refser du den vituge, får han større skjøn.
26Den som er hard med far sin og jagar bort mor si,
er ein ring og skamlaus son.
27Hald opp med å høyra på formaning, son,
så går du glipp av dei ord som gjev kunnskap.
28Eit svikefullt vitne spottar retten,
munnen på gudlause gløyper vondskap.
29Straff er fastsett for dei som spottar,
og pryl for ryggen på dårar.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.