Jesaja 3 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Jerusalem snåvar, og Juda fell

1Sjå, Herren, Allhærs Gud,

tek bort frå Jerusalem og Juda

kvar stav dei stør seg til:

kvar støtte av brød og kvar støtte av vatn,

2både krigar og stridsmann,

domar, profet, spåmann og eldste,

3femtimannsførar og høgvørd mann,

rådgjevar, trollmann og kunnig åndemanar.

4Så gjev eg dei born til styresmenn,

villstyringar skal rå over dei.

5Folk skal vera harde med kvarandre,

mann med mann og granne med granne;

guten skal setja seg opp mot den gamle,

fanten mot fagnamannen.

6Når ein mann tek fatt i ein annan

i huset åt far hans og seier:

«Du har ei kappe, du skal vera vår hovding,

over denne ruinen skal du styra,»

7så tek den andre til ords og svarar:

«Eg vil ikkje fetla sår.

I mitt hus finst det korkje brød eller klede.

Set ikkje meg til hovding over folket!»

8Ja, Jerusalem snåvar, og Juda fell,

for i ord og gjerning står dei Herren imot

og trassar hans herlege åsyn.

9Deira andletsuttrykk vitnar imot dei,

og liksom folket i Sodoma

talar dei utan dulsmål om si synd.

Ve dei! Dei fører ulukke over seg.

10Sei at det går den rettferdige vel,

han skal nyta frukta av sine gjerningar.

11Men ve den gudlause! Han går det ille,

han får att for det han har gjort.

12Mitt folk har born til styresmenn

og kvinner rår over det.

Mitt folk, dine leiarar fører deg vilt,

gjer vegen du går på, til villstig. Herren held rettargang

13Herren stig fram og vil føra sak,

han står opp og vil døma sitt folk.

14Herren held rettargang

med dei eldste og stormennene i folket.

«Det er de som har gnege vingarden snau,

rov frå dei fattige har de i husa!

15Korleis kan de knusa mitt folk

og slå dei hjelpelause i andletet?»

lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud.

Dom over Sions døtrer

16Herren har sagt:

Fordi Sions døtrer briskar seg,

og går med bratt nakke,

spelar med augo og går og trippar

og ringlar med sine fotringar,

17så skal Herren la Sions døtrer

verta fulle av skurv i hovudet

og gjera dei snaue om panna.

18Den dagen skal Herren ta frå dei all stasen deira: fotringane, solene og halvmånane,

24Då vert det illtev i staden for vellukt,

reip i staden for belte,

fleinskalle i staden for kunstige krøller,

strieplagg i staden for stasklede

og brennemerke i staden for venleik.

25Mennene dine skal falla for sverd,

kjempene dine i striden.

26Sions portar skal syrgja og klaga,

som når ei kvinne har mist alt

og sit einsam att på jorda.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help