1Og han synte meg ei elv med livsens vatn, som rann, klår som krystall, ut frå kongsstolen åt Gud og Lambet.Esek 47,1; Sak 14,8
2Midt imillom bygata og elvi, på båe sidor, stod livsens tre, som bar frukt tolv gonger og gav si frukt kvar månad. Og lauvet på treet var til helsebot for folki.1 Mos 2,9; Esek 47,12; Op 2,7; 21,24.26
3Og ingi bannstøyting skal vera meir, og kongsstolen åt Gud og Lambet skal vera der, og hans tenarar skal tena han,Sak 14,11
4og dei skal sjå hans åsyn, og hans namn skal vera på panna deira.Matt 5,8; 1 Kor 13,12; 1 Joh 3,2; Op 3,12; 14,1
5Og natt skal det ikkje vera meir, og dei treng ikkje til ljos av lampa og ljos av sol, for Herren Gud skal lysa yver dei; og dei skal råda i all æva.Jes 60,19; Op 21,23; Sal 36,10
6Og han sa til meg: Desse ordi er truverdige og sanne; og Herren, den Gud som skifter ut sin Ande til profetane, hev sendt sin engel til å syna tenarane sine det som snart skal henda.Op 19,9; 21,5; 1,1
7Og sjå, eg kjem snart. Sæl er den som tek vare på dei profetiske ordi i denne boki.Op 3,11; 1,3
8Og eg, Johannes, er den som såg og høyrde dette, Og då eg hadde høyrt og set, fall eg ned og vilde tilbeda for føtene åt den engelen som synte meg dette.Op 19,10
9Og han segjer til meg: Akta deg for det! Eg er medtenar til deg og dine brør profetane og til dei som tek vare på ordi i denne boki, Gud skal du tilbeda!Op 19,10
10Og han segjer til meg: Du skal ikkje setja innsigle på dei profetiske ordi i denne boki; for tidi er nær.Dan 8,26; 12,4; Fil 4,5; Op 1,3
11Lat den som gjer urett, gjera urett framleides, og den ureine verta urein framleides, og den rettferdige gjera rettferd framleides, og den heilage verta helga framleides!2 Tim 3,13
12Sjå, eg kjem snart, og mi løn er med meg, til å gjeva kvar og ein attergjeld etter som hans gjerning er.Jes 40,10; Op 20,12
13Eg er Alfa og Omega, upphavet og enden, den fyrste og den siste.Op 1,8.11; 21,6; Jes 48,12
14Sæle er dei som tvær kjolane sine, so dei må få rett til livsens tre og koma inn i byen gjenom portane.1 Joh 3,23
15Men utanfor er hundane og trollmennene og horkarane og manndråparane og avgudsdyrkarane og kvar som elskar og talar lygn.1 Kor 6,9-10; Ef 5,5; Kol 3,6; Op 21,8
16Eg, Jesus, hev sendt min engel til å vitna dette for dykk um kyrkjelydane; eg er Davids rotrenning og ætt, den klåre morgonstjerna.Op 1,1-2; Jes 11,10; Rom 15,12; Op 5,5; 4 Mos 24,17
17Og anden og bruri segjer: Kom! Og den som høyrer det, segje: Kom! Og den som er tyrst, han kome, og den som vil, han take livsens vatn for inkje!Op 21,6; Joh 7,37
18Eg vitnar for kvar som høyrer dei profetiske ordi i denne boki: Dersom nokon legg noko til dette, so skal Gud leggja på han dei plagone som er skrivne i denne boki;
19og dersom nokon tek noko burt frå ordi i denne profetiske boki, so skal Gud taka hans lut burt frå livsens tre og frå den heilage byen, som det stend skrive um i denne boki.5 Mos 4,2; Ordt 30,6; Sal 69,29; Op 3,5; 21,27.2
20Han som vitnar dette, segjer: Ja, eg kjem snart. Amen, ja kom, Herre Jesus!Op 1,7
21Vår Herre Jesu Kristi nåde vere med dykk alle! Amen.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.