Domarane 20 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Heile Israel kjem i hop i Mispa og rådlegg um straffi yver Gibea-mennene for skjemdarverket dei hev gjort, 1-7. Dei bed fyrst Benjamins-ætti senda dei gudlause Gibea-buane ut til dei, men det vil dei ikkje; då dreg dei imot dei, men taper tvo gonger, 8-25. Dei gjer bot og Herren lovar dei siger, 26-28. Dei vinn yver benjaminitane og ryd ut heile ætti, so nær som 600 mann. Dette vert fyrst fortalt stutt, 29-35, sidan meir umstendeleg, 36-48.

1Då tok alle Israels-borni ut, og heile lyden frå Dan til Be'erseba og frå Gileadlandet, samla seg alle som ein mann framfor Herren i Mispa.

2Og dei gjævaste av heile folket, av alle Israels-ætter, steig fram der Guds folk heldt møte, fire hundrad tusund mann til fots, væpna med sverd.

3Men Benjamins-borni fekk spurt at Israels-borni var farne upp til Mispa. Då sa Israels-borni: Seg frå korleis det hev gjenge til med denne ugjerningi!

4Og leviten, mannen åt den kona som var drept, tok til ords og sa: Eg og fylgjekona mi kom til Gibea i Benjamin og vilde få hus der med natti.

10No tek me ut ti mann for kvart hundrad av alle Israels ætter og hundrad for kvart tusund, og tusund for kvart titusund; dei skal henta mat til hermennene, so dei, når dei kjem til Gibea i Benjamin, kann gjeva folket der lika for den store ugjerningi dei hev gjort i Israel.

11So samla dei seg, alle Israels menner, og drog imot byen, sameinte som ein mann.

12Og Israels-ættene sende bod kring til alle ættgreiner i Benjamin og sa: Kva er dette for ei ugjerning som er gjord hjå dykk?

13Send ut til oss dei gudlause mennene i Gibea, so me kann slå dei i hel og rydja det vonde ut or Israel! Men Benjamins-borni vilde ikkje høyra på Israels-borni, brørne sine.Hos 9,9; 10,9

14Dei kom i hop til Gibea frå alle byane sine og vilde draga i strid mot Israels-borni.

15Den dagen vart folket i Benjaminsbyane mynstra; det var seks og tjuge tusund våpnføre mann, umfram Gibea-buane; dei vart mynstra for seg og var sju hundrad i talet, alle saman utvalde hermenner.

16Millom alt det folket fanst det sju hundrad utvalde hermenner som var keivhendte; alle desse høvde på eit hår med slyngjesteinen; ingen kasta i mist.

17Benjamin frårekna mynstra Israels-sønene fire hundrad tusund våpnføre mann, som alle var herfolk.

18Dei gjorde seg reiduge og gjekk upp til Betel og spurde Gud: Kven av oss skal taka fyrst ut i striden mot Benjamins-borni? Herren svara: Juda skal fyrst.Dom 20,26-27; 1,1-2

19Um morgonen braut Israels-borni upp og lægra seg midt imot Gibea.

20So gjekk dei fram til strid mot Benjamin og fylkte heren sin imot dei burtåt Gibea.

21Då braut Benjamins-borni fram frå Gibea og la den dagen tvo og tjuge tusund Israels-menner i marki.

22Men folket, Israels-mennene, herde seg til og fylkte seg atter på same staden som dei hadde fylkt seg fyrste gongen -

23Israels-borni gjekk upp og gret for Herrens åsyn heilt til kvelds, og dei spurde Herren: Skal eg ganga fram att og strida mot Benjamin, bror min? Og Herren svara: Far imot han! -

24Då no Israels-borni gjekk fram imot Benjamins-borni dagen etter

25for Benjamin andre gongen ut imot dei frå Gibea og la endå attan tusund israelitar i marki, alle saman våpnføre menner.

26Då gjekk alle Israels-borni, heile folket, upp til Betel; der sat dei gråtande for Herrens åsyn og fasta heile den dagen, alt til kvelds; og dei ofra brennoffer og takkoffer for Herrens åsyn

27og spurde Herren - for den gongen stod Guds paktkista der,

28og Pinehas, son åt Eleasar og soneson åt Aron, gjorde den tid tenesta for hans åsyn. - Israels-borni spurde: Skal eg endå ein gong draga ut i striden mot Benjamin, bror min, eller skal eg lata vera? Og Herren svara: Drag ut! I morgon vil eg gjeva han i hendene dykkar.

29Då la Israel folk i løynlege rundt ikring Gibea,

30og so for dei tridje gongen mot Benjamins-borni og fylkte seg burtåt Gibea liksom dei fyrre gongene.

31Benjamins-borni for ut imot dei og vart dregne burt ifrå byen; og liksom dei fyrre gongene felte dei i fyrstningi nokre av folket på ålmannvegane som ber uppetter, den eine til Betel og den andre yver marki til Gibea; det var um lag tretti Israels-menner dei fekk felt.Dom 20,32.36

32Då sa Benjamins-borni: Dei ryk for oss no som fyrr! Men Israels-borni sa: Lat oss røma, so me fær drege dei burt frå byen og ut på ålmannvegane!

33So tok alle Israels-mennene ut frå stødet sitt og fylkte seg i Ba'al-Tamar, medan dei som låg i løynlega, braut fram frå sitt støde på Gebasletta.

34Og ti tusund utvalde stridsmenner av heile Israel gjekk beint mot Gibea. Då vart det ein hard strid; men Benjamins-borni visste ikkje at ulukka var tett innpå dei.

35Og Herren laga det so at Benjamin rauk for Israel; Israels-borni felte den dagen fem og tjuge tusund og eitt hundrad mann av Benjamins-ætti; alle desse var våpnføre.

36Benjamins-borni trudde fyrst at Israels-mennene var slegne; for dei drog seg undan for Benjamin, men det var berre av di dei leit på umsåti dei hadde sett mot Gibea.Dom 20,32

37Og no brårende umsåtmennene fram mot Gibea og trengde seg inn og øydde heile byen med odd og egg.

38Israels-mennene hadde gjort den avtalen med umsåtmennene at dei skulde lata ein tett røyk stiga upp ifrå byen.

39Då no Israels-mennene snudde ryggen til i striden, og benjaminitane i fyrstningi felte nokre av dei - um lag tretti mann - og sa: Dei ryk for oss, som i den fyrste ota!Dom 20,32.36

40då tok røyken til å stiga upp frå byen som ein stor stopul, og då benjaminitane såg attum seg, fekk dei sjå at heile byen stod i ein loge, som slo upp mot himmelen.

41I det same snudde Israels-mennene um. Då vart Benjamins-mennene forfærde; for dei såg at ulukka var tett innpå dei.

42Dei vende seg og tok vegen til øydemarki for å koma undan Israels-mennene; men striden fylgde dei fot og fet, og jamvel midt i byane vart dei nedhogne, dei som åtte heime der.Dom 20,14-15

43Israels-mennene ringa Benjamin inne, elte han og trakka han ned der han kvilde, alt til dei var beint i aust for Gibea.

44Og det fall attan tusund mann av Benjamins-ætti; alle desse var djerve stridsmenner.

45So snudde dei um og rømde til øydemarki burtimot Rimmonshøgdi. Og Israels-mennene felte på ålmannvegane endå fem tusund mann; sidan sette dei etter dei til Gideon og felte tvo tusund til.

46I alt var det fem og tjuge tusund våpnføre mann av Benjamins-ætti som fall den dagen; alle desse var djerve stridsmenner.Dom 20,35

47Då snudde dei um og rømde ut i øydemarki, til Rimmonshøgdi, seks hundrad mann, og dei vart verande på Rimmonshøgdi i fire månader.

48Men Israels-mennene for attende til Benjaminslandet og øydde det med odd og egg; både byen med sine folk og bufeet og alt det dei fann, og alle byane som fanst der, sette dei eld på.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help