Mika 6 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Herren hev sak med Israel og syner det kor utakksamt det er mot han, trass i hans mange og store velgjerningar, 1-5. Folket sannar nok si synd og tilbyd Herren sonoffer; men Herren vil ikkje hava dei; det veit kva han krev av det, at det skal leggja vinn på rettferd og kjærleik og ferdast audmjukt i samfund med han, 6-8. Men i staden for det gjer det valdsverk, fer med lygn og svik og den verste avgudstenesta; difor skal Herren lata harde straffer koma yver det, 9-16.

1Høyr no kva Herren segjer: Reis deg, før di sak for fjelli, og lat haugane høyra di røyst!

2Ja, høyr Herrens sak, de fjell og de ævelege grunnvollar under jordi! For Herren hev sak med folket sitt, og med Israel gjeng han til doms.

3Mitt folk, kva hev eg gjort deg, og kva hev eg trøytta deg med? Svara meg!

4Eg førde deg då upp frå Egyptarlandet, og or trælehuset løyste eg deg ut; og eg sende Moses og Aron og Mirjam til å ganga i brodden for deg.

10Finst det endå i huset åt den gudlause skattar han hev vunne på gudlaus vis, og undermåls efa, som er bannstøytt?

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help