Domarane 5 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Debora og Barak syng Herren ein lovsong; dei bed alle prisa han, av di han hev synt seg so herleg for folket sitt og berga det ut or den store naudi, 1-11; dei prisar dei som fylgde kallet og gjekk med i striden, men lastar dei som ikkje vilde vera med, 12-18; dei syng um slaget, um fiendane som taper og rømer, og um Sisera som fell for handi hennar Jael, 19-30; til slutt ynskjer dei ulukke yver alle Guds fiendar og velsigning yver dei som elskar han, 31.

1Den gongen song Debora og Barak Abinoamsson dette kvadet:

2Lova Herren, for di fyrstane i Israel gjekk fyrst i striden, for di folket viljugt møtte fram!

3Høyr, kongar! Hovdingar, gjev gaum! Eg - eg vil syngja um Herren, eg vil lovsyngja Herren, Israels Gud.

4Herre, då du gjekk ut frå Se'ir, då du skreid fram frå Edomsheidi, då ristest jordi, himmelen draup, det strøymde vatn frå skyene.5 Mos 33,2; Sal 68,8-9; 97,5

5Fjelli skalv for Herrens åsyn, sjå Sinaifjellet der, det skalv for åsyni åt Herren, Israels Gud.

6I Samgars, Anats-sonens, dagar, i Jaels dagar var vegane aude, ferdamennene laut fara på krokute stigar.

7Då fanst det ingen førar i Israel, alt til eg, Debora, stod fram, til eg stod fram, ei mor i Israel.

8Dei valde seg nye gudar; då stod det strid i portane; ein såg ikkje skjold og ikkje spjot hjå fyrti tusund hermenn i Israel.5 Mos 32,17

9Min hug er hjå hovdingane i Israel og hjå dei av folket som viljugt møtte fram. Prisa Herren!

10Syng, de som rid på kvite asnor, de som sit på dykkar dyre teppe, og de som vandrar etter vegen!

11Bogeskyttarane sit og kved attmed brunnane; der prisar dei Herrens rettvise verk, at han førde Israel so rettvist. Då steig Herrens folk ned til portane.

12Vakna upp, vakna upp, Debora, vakna upp, vakna upp, røysta i og kved! Statt upp, Barak, før fangane burt, du son åt Abinoam!

13Då vart det sagt: Stig ned, du vesle flokk, stig ned til kjempone, du folk! Herre, stig ned og strid for meg millom kjempone!

14Av Efra'im steig dei ned, dei som hev si rot på Amaleks fjell; etter deg kom Benjamin i fylgje med dine folk; av Makir steig hovdingar ned, og av Sebulon dei som gjekk fram med førarstav i hand,Dom 12,15

15og fyrstar av Issakar i fylgje med Debora, og som Issakar, so gjorde Barak; i hans fotfar fer dei ned i dalen. Ved Rubensbekkene heldt dei store rådleggjingar.

16Kvi vart du sitjande i ro millom kviene, og høyrde hjuringfløytor let? Ved Rubensbekkene heldt dei store rådleggjingar.

17Gilead - på hi sida Jordan gav han seg i ro, og Dan - kvi drygde han attmed skipi? Aser vart sitjande utmed sjøstrandi, innmed vikane sine heldt han seg i ro.

18Sebulon er eit folk som lite vyrder livet sitt, og like eins Naftali på sine fjell.

19Kongar kom og stridde, ja då stridde Kana'ans-kongane ved Tana'ak, ved Megiddovatnet; sylv fekk dei ikkje til herfang.

20Frå himmelen stridde dei, stjernone frå sine skeid, dei stridde mot Sisera.Dom 4,15; 2 Mos 14,25; Jos 10,14

21Kisonbekken tok dei, den eldgamle bekken, Kisonbekken. Skrid fram, mi sjel, med kraft!Dom 4,13

22Hardt slo hestehovane i marki medan kjempone køyrde, køyrde av stad i tanande sprang.

23Banna Meros, sa Herrens engel, banna, banna dei som bur der, av di dei ikkje kom Herren til hjelp, Herren til hjelp millom kjempone.

24Velsigna framum andre kvinnor vere Jael, kona åt Heber, keniten! Velsigna vere ho framum alle kvinnor som bur i tjeldbuer!Dom 4,17-20

25Vatn bad han um, mjølk gav ho han; i briki skål baud ho han fløyte.

26Med vinstre handi triv ho naglen, med høgre smidjehamaren; so slær ho Sisera med den, og hovudet hans krasar ho, tunnvangen hans slær ho i knas, driv naglen tvert igjenom han.

27For hennar føter seig han ned, fram stupte han, so låg han der; for hennar føter seig han ned; der han seig ned, der låg han felt.

28Gjenom vindauga ser ho, mor åt Sisera, og ropar ut gjenom grindi: Kva ventar vogni hans etter? Kvi drygjer tråvarane hans?

29Dei klokaste fruone hennar svarar, og sjølv gjev ho seg svar på sine ord:

30Visst finn dei herfang og skifter: Ei kvinna, tvo kvinnor til manns, farga klæde åt Sisera, farga og krota klæde, ein farga kjole, tvo krota halsdukar for kvar ei herteki kvinna!

31Gjev, Herre, at alle dine fiendar må lata livet sitt soleis, og at alle som elskar han, må vera som soli når ho stig upp i sitt velde! - Sidan hadde landet fred i fyrti år.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help