2. Peter 2 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)
Apostelen spår at falske lærarar skal standa fram, 1-3; men Gud skal visseleg råma desse forførarane med domen sin, liksom han i gamle dagar hev synt at han kann gripa inn med dom både til frelsa og til undergang. Apostelen skildrar so korleis desse falske lærarane er: dei spottar skamdjervt åndemakter, dei er nedsokne i kjøtlege lyster og låk pengehug, so dei ikkje kvider seg for å standa fram imot Gud og skada hans kyrkjelyd, 4-16; dei lovar læresveinane sine fridom, endå dei sjølve er syndetrælar, og det at dei fyrr hev vorte reinsa frå ureinskapen i verdi, gjer ansvaret deira tyngre no, då dei atter hev gjere seg yver syndi, 17-22.
1Men det stod og falske profetar fram hjå folket, liksom det og hjå dykk skal koma falske lærarar, som skal lura inn ranglæror som fører til fortaping, med di dei jamvel neittar den Herre som kjøpte dei, og fører yver seg sjølve ei brå fortaping.