Domarane 3 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Dei heidningfolki som vart att i Kana'an vert upprekna, 1-6. Israel fell ifrå Herren, og han gjev dei i hendane på Kusan-Risata'im; Otniel bergar dei, 7-11. Israel fell ifrå Herren att, og han gjev Eglon makt yver dei; Ehud bergar dei, 12-30. Samgar bergar Israel frå filistarane, 31.

1No skal me nemna dei folki som Herren let vera att til å røyna Israel med - dei Israels-mennene som ikkje hadde vore med i nokon av Kana'ans-krigane -

2berre av di han vilde dei komande Israels-ættene skulde få vit på å strida, og vilde læra dei det, dei som ikkje hadde vore med i dei fyrre krigane.

3Det var dei fem filistarfyrstane og alle kana'anitane og sidonarane og hevitane, som budde på Libanonfjelli, frå Ba'al-Hermonfjellet til Hamatvegen.Jos 13,2-6

4Dei var det Israel skulde røynast med, so det kunde syna seg um dei vilde lyda Herrens bod, som han hadde gjeve federne deira gjenom Moses.Dom 2,22

5So budde no Israels-borni midt ibland kana'anitane og hetitane og amoritane og ferisitane og hevitane og jebusitane;

6dei tok døtterne deira til konor og gav døtterne sine til sønene deira og dyrka gudane deira.2 Mos 34,16; 5 Mos 7,3

7Israels-borni gjorde det som var Herren imot; dei gløymde Herren sin Gud og dyrka Ba'alane og Astarte-bileti.Dom 2,11.13

8Då vart Herren brennande harm på Israels-borni; han slepte dei i hendene på Kusan-Risata'im, kongen i Mesopotamia, og Israel laut tena Kusan-Risata'im i åtte år.Dom 2,14.20

9Då ropa Israels-borni til Herren, og Herren let ein hjelpar standa fram hjå dei og hjelpa dei; det var Otniel, son åt Kenas, Kalebs yngre bror.Dom 1,13

10Herrens Ande kom yver han, og han vart domar i Israel. So drog han ut i striden, og Herren gav Kusan-Risata'im, kongen i Mesopotamia, i hendene hans; han vann yver Kusan-Risata'im,

11og sidan hadde landet fred i fyrti år. So døydde Otniel, son åt Kenas.

12Men Israels-borni gjorde på nytt det som var Herren imot, og Herren gav Eglon, Moab-kongen, makt yver dei, for di dei gjorde det som var Herren imot.Dom 4,1; 6,1

13Eglon fekk med seg Ammons-borni og amalekitane; so drog han ut og slo Israel, og dei tok Palmestaden.Dom 1,16

14Israels-borni laut tena Eglon, Moab-kongen, i attan år.

15Då ropa dei til Herren, og Herren sende dei ein hjelpar, Ehud Gerason av Benjamins-ætti, ein keivhendt mann. Israels-borni sende ein gong Ehud med gåver til Eglon, kongen i Moab;

16då gjorde han seg eit sverd som var tvieggja og ei aln langt, og spente det på seg under klædi sine, på høgre sida.

17So førde han gåvone fram til Eglon, Moab-kongen. Eglon var ein ovtjukk mann.

18Då Ehud hadde greidt frå seg gåvene, let han folki som hadde bore dei, fara heim att;

19men sjølv snudde han um ved steinbroti attmed Gilgal, og for attende og sa: Eg hev eit løyndarbod til deg, konge! Då sa kongen: Hysj! So gjekk dei ut alle dei som stod kringom han.

20Som han no sat åleine i den svale høgstova si, gjekk Ehud fram for han og sa: Eg hev eit bod til deg frå Gud! Då reiste han seg av stolen.

21Og Ehud rette ut vinstre handi og greip sverdet han bar ved høgre sida, og rende det i livet på han,

22so skjeftet for med inn etter bladet; og feittet gjekk i hop att kring bladet; for han drog ikkje sverdet ut att or livet hans; det gjekk ut attantil.

23Då Ehud var komen ut i svalgangen, let han høgelofts-døri att etter seg og stengde henne vel,

24og so gjekk han sin veg. Straks etter kom tenarane, men då dei såg at døri var læst, sa dei: Han er visst for seg sjølv i svalkammerset.1 Sam 24,4

25Dei venta til dei var reint leide av seg; men han let ikkje upp døri til høgeloftet. So tok dei lykelen og let upp; då fekk dei sjå at herren deira låg livlaus på golvet.

26Medan dei tøvra, slapp Ehud undan og for framum steinbroti og nådde Se'ira.

27Då han kom til Efra'imsfjellet, bles han i luren; då for Israels-borni med han ned frå fjelli, og han gjekk fyre.4 Mos 10,9

28Og han sa til dei: Skunda dykk etter meg! For Herren hev gjeve fiendane, moabitane, i hendene dykkar. So fylgde dei han ned og stengde Jordanvadi for moabitane og let ingen sleppa yver.

29Den gongen felte dei ikring ti tusund moabitar, som alle var sterke og djerve menner; ikkje ein kom seg undan

30Moab laut den dagen bøygja seg under Israels velde, og sidan hadde landet fred i åtti år.

31Etter Ehud kom Samgar, son åt Anat. Han felte seks hundrad mann av filistarane med piggstaven åt ein uksedrivar; han og berga Israel.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help