1Når nokon høyrer at dei tek han i eid, og han hev set eller veit noko so han kunde vitna um det, men like vel ikkje segjer ifrå, og soleis syndar og fører skuld yver seg,
2eller nokon seg uvitande kjem innåt noko ureint, anten det er etslet av eit ureint villdyr eller av eit ureint krøter eller av eit ureint krek, og soleis sjølv vert urein og fører skuld yver seg,
14Og Herren tala til Moses og sa:
15Er det nokon som uviljande eignar til seg noko av det som er helga til Herren, og soleis vert saka i svik, so skal han til bot for si synd koma til Herren med ein lytelaus ver av fenaden sin, ein som etter ditt skyn er verd minst tvo sylvsekel i heilag mynt; det skal vera skuldofferet hans.4 Mos 5,5-13
16Det han med urett hev eigna til seg av det heilage, skal han gjeva att og attåt leggja femteparten av verdet. Han skal gjeva det til presten, og presten skal gjera soning for han med skuldofferveren, so han fær tilgjeving.
17Når nokon seg uvitande syndar og gjer noko av det som Herren hev forbode å gjera, og han soleis hev ført skuld yver seg og ber på misgjerd,
18so skal han til bot for si skuld koma til presten med ein lytelaus ver av fenaden sin, ein som etter ditt skyn er eit fullgodt offer; og presten skal gjera soning for han for den syndi han hev gjort og ikkje visste av, so han fær tilgjeving.
19Dette er eit skuldoffer; for han hev ført yver seg skuld imot Herren.
20Og Herren tala til Moses og sa:
21Når nokon syndar og gjer svik imot Herren, med di han dyl burt noko som næsten hans hev gjeve han i varveitsla eller sett i vissa hjå han, eller som han hev teke eller truga til seg av næsten sin,
22eller han hev funne noko som ein annan hev mist, og so dyl det, eller han gjer rang eid um eitt eller anna som han eller andre kann ha synda med,
23so skal den som soleis hev synda og ført skuld yver seg, gjeva att det han hev teke eller truga til seg eller fenge i varveitsla eller funne,
24og det han hev gjort rang eid um, kva det no kann vera. Han skal gjeva det att med fullt verd og leggja femteparten attåt; til eigarmannen skal han gjeva det, og det same dagen som han ber fram skuldofferet sitt.
25Og til bot for si synd skal han koma til Herren med ein lytelaus ver av fenaden sin, ein som etter ditt skyn er eit fullgodt offer, og gjeva han til presten; det skal vera skuldofferet hans.
26So skal presten gjera soning for han for Herrens åsyn, so han fær tilgjeving for alle gjerningar som han kann ha ført skuld yver seg med.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.