5. Mosebok 23 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Folk som er gjelde, born som er fødde i hor eller blodskam, og ammonitar og moabitar må ikkje koma i Herrens lyd; men edomitar og egyptarar i tridje leden kann få vera med, 1-8; lægret skal haldast reint, av di Herren er med folket der, 9-14; ein træl som hev rømt, skal ikkje sendast attende til herren sin, 15.16; ingen i Israel må fara med avgudsdyrking som det fylgjer sedløyse med, 17.18; ingen må taka rentor av ein fatig landsmann, 19.20; når ein hev gjort lovnader til Herren, skal dei haldast, 21-23; ein hev lov til å plukka i annan manns vinhage eller åker so mykje som ein kann eta på staden, 24.25.

1Den som er klakka eller skoren på blygsli, må ikkje vera med i Herrens lyd.

2Den som er fødd i hor, må ikkje vera med i Herrens lyd; jamvel etterkomarane hans radt til tiande leden skal vera utestengde frå Herrens lyd.

3Ein ammonit eller moabit må ikkje vera med i Herrens lyd; jamvel etterkomarane deira radt til tiande leden skal allstødt vera utestengde frå Herrens lyd,

5Men Herren din Gud vilde ikkje høyra på Bileam; han vende forbanningi um til velsigning for deg, av di han hadde deg kjær.

6Aldri i dine levedagar skal du syta for deira velferd og lukka.

7Edomitane skal du ikkje hava stygg til; for dei er brørne dine. Egyptarane skal du heller ikkje hava stygg til; for du hev havt tilhald i landet deira.

18Kom ikkje med skjøkjeløn eller tevepengar inn i huset åt Herren din Gud, um du so skulle hava lova sovore! For alle slike pengar er ein styggedom for Herren din Gud.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help