1. Mosebok 2 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Gud kviler den sjuande dagen og helgar han, 1-3. - Gud vatnar jordi, skaper mennesket av mold og blæs livsens ande inn i det, 4-7, set det i Edens hage og gjev det lov til å eta av alle trei, so nær som av treet som gjev vit på godt og vondt, 8-17, leidar dyri til Adam. Adam gjev dei namn, men finn ingi hjelp som høver for han millom dyri; difor skaper Gud ei kvinna av eit av sidebeini hans, og skipar ektestandet, 18-25.

1So vart himmelen og jordi fullferda, med heile sin her.

2Og den sjuande dagen fullferda Gud det verket han gjorde, og kvilde den sjuande dagen etter alt verket han hadde gjort.

13Og den andre elvi heiter Gihon; det er den som renn kringum heile Kuslandet.

14Og den tridje elvi heiter Hiddekel; det er den som gjeng austanfor Assur. Og den fjorde elvi det er Frat.

15Og Herren Gud tok mannen og sette han i Eden til å dyrka og varna hagen.

16Og Herren Gud sa mannen fyre og baud: Du må gjerne eta av alle trei i hagen.

17Men det treet som gjev vit på godt og vondt, det må du ikkje eta av; for den dag du et av det, skal du døy.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help