Jesaja 22 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Profeten ser i åndi Jerusalem kringsett og øydt og syrgjer sårt av di folket er tynt, 1-7. Folket gjeng under av di det i si naud ikkje hev vendt seg til Herren, som hev sendt henne, men til jordiske forsvarsgreidor, ikkje syrgjer yver syndi si, men i ørvæna held glade gjestebod, 8-14. Sebna, ein mann i høg vyrdnad, skal verta støytt ned frå si høgd av di han er ovmodig, og i staden for han skal Eljakim koma, som skal verta til æra og studnad for heile si ætt; men han og skal i si tid missa sin høge rang av di han hev nytta han til fyremun for sine eigne, 15-25.

1Framsegn um Synedalen. Kva er på ferd, sidan alt folket ditt hev stige upp på taki?

2Du bråkande, du ståkande by, du jublande by! Dine falne menner er ikkje slegne med sverd, ikkje drepne i strid.

6Elam ber pilehus, dreg fram med stridsmenn på vogner og hestfolk, og Kir hev nækt skjoldane.

9og de ser at Davidsbyen hev mange rivnor, og de samlar upp vatnet i Nedredammen;

12Herren, Israels Gud, allhers Gud kallar dykk den dagen til gråt og øying, til å raka hovudet og sveipa dykk i syrgjeklæde.

25På den dagen, segjer Herren, allhers Gud, skal nabben i den faste veggen losna; han skal ganga av og detta ned, og byrdi som hekk på han, skal krasast; for Herren hev tala.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help