Jeremia 17 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Profeten forkynner at Juda til straff for avgudsdyrkingi skal verta plundra og koma i utlægd, 1-4. For tillit til menneske (roti til avgudsdyrkingi) fører med seg forbanning, men tillit til Gud velsigning; for Herren veit av mannehjarta er vondt og løner kvar mann etter det han hev gjort; den som sankar seg rikdom med urett, skal missa han midt i sine levedagar, og alle som vender seg ifrå Herren, skal døy, 5-13. Profeten bed so Herren frelsa han frå fiendane, som forfylgjer han med spott og range skuldingar, endå han berre hev fylgt Herrens kall og ikkje ynskt ulukka yver folket sitt, 14-18. Han manar folket til å halda sabbaten heilag, og lovar det Herrens velsigning, so framt det gjer so; elles vil det få hard straff, 19-27.

1Judas synd er skrivi med jarngriffel, med demant-odd; ho er innrita på deira hjartetavla og på deira altarhorn,

2like eins som borni deira kjem i hug altari deira og Astarte-bileti deira attmed dei grøne tre på dei høge haugane.

4Då lyt du - og det er di eigi skuld - lata odelen din som eg gav deg, kvila etter deg, og eg vil lata deg træla for fiendane dine i eit land du ikkje kjenner; for ein eld hev de kveikt i min vreide, æveleg skal han loga.

5So segjer Herren: Forbanna er den mann som lit på menneske og gjer kjøt til sin arm og med sitt hjarta vik frå Herren.

17Ver ikkje til fælske for meg! Du er mi livd på ulukke-dagen.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help