1Og Josef lutte seg ned yver andletet åt far sin og gret uppyver han og kysste han.
12So gjorde sønene hans so med han som han hadde sagt dei fyre;
13dei førde han til Kana'anslandet og jorda han i helleren på Makpelagjordet, det gjordet som Abraham hadde kjøpt av Efron, hetiten, til eigande gravstad, austanfor Mamre.1 Mos 23,16-20
14Og då Josef hadde jorda far sin, for han attende til Egyptarland, både han og brørne hans og alle som hadde vore med han upp og jorda far hans.
15Då brørne åt Josef såg at far deira var burte, sa dei: Berre Josef ikkje til å setja etter oss for alt det vonde me hev gjort mot han!
16So sende dei bod til Josef og sa: Far din bad oss fyrr han døydde, at me skulde bera fram dette bodet til deg:
17So skal de segja til Josef, sa han: Å kjære deg, tilgjev det brotet og den syndi brørne dine gjorde då dei for so stygt med deg! So tilgjev oss no brotet vårt; me tener då og same Gud som far din! Og Josef gret då dei tala soleis til han.
18So kom brørne hans sjølve og kasta seg å gruve for han og sa: Sjå her kjem me og vil vera tenarane dine!
19Då sa Josef: Ver ikkje redde! Er då eg i staden åt Guds?
20De tenkte å gjera meg vondt, men Gud tenkte det til det gode, av di han vilde gjera som han no hev gjort, og berga livet åt mykje folk.1 Mos 45,5
21So ver no ikkje redde! Eg skal syta for dykk og borni dykkar. Og han hugga dei og tala blidt til dei.
22Josef vart buande i Egyptarland, både han og farsfolket hans. Og Josef levde hundrad og ti år.
23Og Josef fekk sjå barneborn åt Efra'im og borni åt Makir, son hans Manasse, fekk han og taka i fanget.
24Og Josef sa til brørne sine: No lyt eg døy. Men Gud skal lydast til dykk og fylgja dykk upp frå dette landet til det landet som han lova Abraham og Isak og Jakob.Hebr 11,22
25Og Josef tok ein eid av Israels-sønene og sa: Når Gud kjem og lydest til dykk, då skal de taka beini mine med her ifrå.2 Mos 13,19; Jos 24,32
26Og Josef døydde då han var hundrad og ti år gamal, og dei salva liket hans og la det i kista i Egyptarland.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.