Josva 16 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Den landsluten som Josefs-borni skal hava, 1-4, og landet åt Efra'ims-borni for seg, 5-9. Efra'imitane driv ikkje ut alle kana'anitane, 10.

1Den landsluten som fall på Josefs-borni, tok til aust med Jordanåi, der ho renn frammed Jeriko, og gjekk um Jerikokjelda gjenom øydemarki som stig frå Jeriko uppyver fjellet til Betel.

2Frå Betel heldt bytestrengen fram til Luz og gjekk so burtyver til arkiteigni, til Atarot;

3der tok han vestetter ned til jafletiteigni, heldt fram til Nedre Bet-Horoneigni og Geser og enda utmed havet.

4Dette var det landet som Josefs-borni, Manasse og Efra'im, fekk til odel og eiga.

5Landet åt Efra'ims-borni og ættgreinene deira låg soleis til: Fylkesdeilet gjekk på austkanten frammed Atrot-Addar, tok burtetter til Øvre Bet-Horon

6og enda utmed havet. På nordsida gjekk fylkesdeilet frammed Mikmetat og vende seg austetter til Ta'anat-Silo; sidan heldt bytestrengen fram i aust til Janoah

7og tok frå Janoah ned til Atarot og Na'ara, strauk frammed Jeriko og gjekk ut i Jordan.

8Frå Tappuah gjekk fylkesdeilet vestetter til Kanabekken og enda utmed havet. Dette var odelseiga åt Efra'ims-borni og ættgreinene deira,

9og attåt det dei byane som vart utskilde åt Efra'ims-borni i Manassefylket, både byane og grendene som låg ikring.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help