2. Kongebok 12 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Joas ottar Gud so lenge Jojada lever; men avgudshaugane vert ikkje nedlagde, 1-3. Joas fær samla pengar, so templet kann verta vølt, 4-16. Han sender Hasael store gåvor og fær han til å draga burt; mennene hans drep han, 17-21.

1Det var i sjuande året av Jehus kongedøme Joas vart konge, og han rådde i Jerusalem i fyrti år. Mor hans heitte Sibja og var frå Be'erseba.

5dei skal prestane taka imot, kvar av dei folki han kjenner, og so skal dei bøta brestene i Herrens hus kvar det finst nokon brest.

6Men i tri og tjugande året av Joas' kongedøme hadde prestane endå ikkje bøtt brestane i huset.

7Då kalla Joas presten Jojada og dei andre prestane fyre seg og sa til dei: Kvifor bøter de ikkje brestane i Herrens hus? Heretter skal de ikkje taka imot pengar av kjenningane dykkar, men gjeva dei frå dykk til å vøla templet med.

8So gjekk prestane med på at dei ikkje skulde taka imot pengar av folket, men so skulde dei ikkje heller hava noko med å vøla huset.

9Og Jojada, presten, tok ei kista og bora hol i loket og sette henne innmed altaret på høgre sida, der som folk gjeng inn i Herrens hus. I den la prestane som heldt vakt ved dørstokken, alle pengar som kom inn til Herrens hus.

10Når dei då såg at det var mange pengar i kista, gjekk skrivaren åt kongen dit upp saman med øvstepresten og knytte dei inn og talde dei pengane som fanst i Herrens hus.

11So gav dei pengane som dei hadde vege, i hendene på dei som stod fyre arbeidet og hadde tilsyn med Herrens hus, og DEI greidde dei ut til timbremennene og bygningsmennene som arbeidde på Herrens hus,

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help