Job 34 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Elihu tek til ords att og bed alle vituge folk prøva ordi hans, so dei med han kann døma kva som er rett, 1-4. Job hev spotta Gud med talen sin; han hev sagt at Gud ikkje hev vyrdt rettferdi hans, men hev fare med han som med ein urettferdig, med di han hev sendt svære lidingar yver han, og at mennesket ikkje hev noko gagn av å halda seg til Gud, 5-9. Gud er slett ikkje urettferdig, 10-12. Det er då han som i sin kjærleik held verdi uppe, 13-15, som styrer alt og dømer menneski utan å gjera skil på folk, med di han riv dei som trælkar dei fatige, burt i ein augneblink og so alle ser på det; det kann han av di han ser alt og ikkje treng lang tid til å granska ei sak, 16-28. Og um han stundom let vera å taka frami, må ingen lasta han; han gjer det av di han sidan vil straffa dei ugudlege og frelsa dei som er trælka, 29.30. Den som lastar han for det, hev aldri audmykt seg for han, men må innbilla seg at Gud skal fara fram som dei tykkjer, 31-33. Alle vituge folk lyt vera samde i at Job hev tala uvitugt, og ynskja at han framleides må verta prøvd, so lenge han held ved og talar soleis, 34-37.

1Og Elihu tok til ords att og sa:

2De vise, høyr på ordi mine! De vituge, lyd no på meg!

3Med øyra prøver ein då ord, som ein med gomen smakar maten.

8og søkjer lag med illgjerdsmenner og umgang med gudlause folk?

34Vituge menn vil segja til meg, ja kvar ein vismann som meg høyrer:

35Med skynsemd talar ikkje Job, det er 'kje vit i ordi hans.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help