1Og Herren tala til Moses og Aron og sa:
2Tala til Israels-borni og seg til dei: Når det gjeng flod frå lekamen åt ein mann, so er han urein for flodi skuld.
3So lenge flodi varer, fylgjer det ureinskap med han, og det anten lekamen gjev væta frå seg eller held henne inne; i båe høve er han urein.
4Kvar lega han ligg på, og kvar sess han sit på, skal vera urein.
5Den som kjem nær lega hans, lyt två klædi sine og lauga seg og vera urein alt til kvelds.
6Og den som set seg på noko han hev sete på, lyt og två klædi sine og lauga seg og vera urein alt til kvelds.
7Like eins den som kjem nær den sjuke sjølv; han lyt två klædi sine og lauga seg og vera urein alt til kvelds.
8Kjem den sjuke til å sputta på ein som er rein, so lyt den han hev sputta på, två klædi sine og lauga seg og vera urein alt til kvelds.
9Kvar sal som den sjuke sit på, vert urein.
10Den som kjem nær noko av det han hev under seg, skal vera urein alt til kvelds, og den som ber det burt, lyt två klædi sine og lauga seg og vera urein alt til kvelds.
11Tek den sjuke burtpå nokon og ikkje fyrst hev skylt hendene sine i vatn, so lyt den han hev teke burtpå, två klædi sine og lauga seg og vera urein alt til kvelds.
12Kjem den sjuke nær eit leirfat, so skal det slåast sund; men er det eit trefat, so skal det skyljast i vatn.
13Når den sjuke hev kome seg av flodi, skal han telja sju dagar fram frå di han vart god att; då skal han två klædi sine og lauga lekamen sin i kjelde- eller bekkevatn, so er han rein.
14Den åttande dagen skal han taka tvo turtelduvor eller tvo duveungar og ganga fram for Herrens åsyn, til møtetjelddøri, og gjeva dei til presten,3 Mos 12,8
15og presten skal ofra dei, den eine til syndoffer og den andre til brennoffer. Soleis skal presten gjera soning for han for Herrens åsyn, so han vert rein att etter flodi.
16Når det gjeng såd frå ein mann, so skal han lauga heile lekamen sin i vatn og vera urein alt til kvelds.
17Og alle klædeplagg eller skinnplagg som sådet hev kome på, lyt tvåast i vatn og vera ureine alt til kvelds.
18Ligg ein mann hjå ei kvinna, og det gjeng såd frå han, so lyt dei båe lauga seg og vera ureine alt til kvelds.
19Når ei kvinna hev flod, og det gjeng blod frå lekamen hennar, so skal ho vera urein i sju dagar, og den som kjem nær henne, skal vera urein alt til kvelds.
20Alt ho ligg eller sit på medan ho hev det soleis, vert ureint.
21Den som kjem nær lega hennar, lyt två klædi sine og lauga seg og vera urein alt til kvelds.
22Og den som kjem nær noko av det ho hev sete på, lyt og två klædi sine og lauga seg og vera urein alt til kvelds.
23Ligg det eitkvart i lega eller i sessen hennar, og nokon kjem nær det, so skal han vera urein alt til kvelds.
24Og dersom ein mann ligg hjå henne, og ureinska hennar kjem på han, so skal han og vera urein i sju dagar, og alt det han ligg på, skal vera ureint.
25Når det gjeng blod frå ei kvinna i mange dagar på ei tid som ho ikkje hev månadssjuken sin, eller når blodet gjeng frå henne lenger enn vanleg i månadstidi, so skal ho vera urein so lenge denne ureine flodi varer, liksom når ho hev månadssjuken.
26Um alt det ho ligg på medan ho hev blodflod, gjeld det same som er sagt um lega hennar det bel ho hev månadssjuken, og alt ho sit på, skal vera ureint, som når ho hev månadssjuken.3 Mos 15,20
27Den som kjem nær det, skal vera urein; han lyt två klædi sine og lauga seg og vera urein alt til kvelds.
28Når ho vert god att av blodflodi, so skal ho telja sju dagar fram; so er ho rein.
29Og den åttande dagen skal ho taka tvo turtelduvor eller tvo duveungar og koma med dei til møtetjelddøri, til presten,3 Mos 15,14
30og presten skal ofra dei, den eine til syndoffer og den andre til brennoffer. Soleis skal presten gjera soning for henne for Herrens åsyn, so ho vert rein att etter den ureine flodi.
31De skal skilja Israels-borni med ureinska deira, so dei ikkje skal gjera mitt tabernakel ureint, det som stend midt imillom dei, og døy i ureinska si.
32Dette er lovi um dei som hev flod, og um menner som det gjeng såd frå, so dei vert ureine,
33og um kvinnor som hev månadstidi si, og um folk som er flodsjuke, både menner og kvinnor, og um menner som ligg med ureine kvinnor.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.