1Som no muren var bygd, sette eg inn dørene, og dørvaktarane og songarane og levitane vart sette til yrket sitt.
2Til å standa for styret i Jerusalem sette eg Hanani, bror min, og saman med han Hananja, borghovdingen; for han var ein framifrå truverdig og gudleg mann.
3Og eg sa til dei: Portane i Jerusalem må ikkje verta opna fyrr det lid til høgstdags, og medan dei endå stend der, skal dørene stengjast og læsast; so skal de taka og setja nokre av Jerusalems-buane til å halda vakt, kvar på sin post og kvar utanfor sitt hus.
4Byen var vidsveimd og stor, men folket som budde der, var fåment, og det var ikkje bygt nye hus.
5Då skaut min Gud det i hugen min at eg skulde samla stormennene og forstandarane og hitt folket, so dei kunde verta uppskrivne i ættelistor. Eg fann boki med ættelistone yver dei som fyrst hadde fare heim, og der fann eg skrive:
6Her er namni på dei mennene frå Judalandet som drog heim, etter dei hadde sete fangar i utlægdi - dei som Nebukadnesar, kongen i Babel, hadde ført burt, og som no hev fare heim att til Jerusalem og Juda, kvar til sin by,Esra 2,1-35
7dei som fylgde Serubabel, Josva, Nehemias, Asarja, Ra'amja, Nahamani, Mordekai, Bilsan, Misperet, Bigvai, Nehum og Ba'ana. Her kjem manntalet yver Israels-lyden:
8Paros-sønene, tvo tusund eit hundrad og tvo og sytti;
9Sefatja-sønene, tri hundrad og tvo og sytti;
10Arahs-sønene, seks hundrad og tvo og femti;
11Pahat-Moabs-sønene av etterkomarane etter Josva og Joab, tvo tusund åtte hundrad og attan;Esra 8,4
12Elams-sønene, eit tusund tvo hundrad og fire og femti;
13Sattu-sønene, åtte hundrad og fem og fyrti;
14Sakkai-sønene, sju hundrad og seksti;
15Binnui-sønene, seks hundrad og åtte og fyrti;
16Bebai-sønene, seks hundrad og åtte og tjuge;
17Asgads-sønene, tvo tusund tri hundrad og tvo og tjuge;
18Adonikams-sønene, seks hundrad og sju og seksti;
19Bigvai-sønene, tvo tusund og sju og seksti;
20Adins-sønene, seks hundrad og fem og femti;
21Aters-sønene av Esekias-ætti, åtte og nitti;
22Hasums-sønene, tri hundrad og åtte og tjuge;
23Besai-sønene, tri hundrad og fire og tjuge;
24Harifs-sønene, hundrad og tolv;
25Gibeons-sønene, fem og nitti;
26Betlehems- og Netofa-mennene, hundrad og åtte og åtti;
27Anatot-mennene, hundrad og åtte og tjuge;
28Bet-Asmavet-mennene, tvo og fyrti;
29mennene frå Kirjat-Jearim, Kefira og Be'erot, sju hundrad og tri og fyrti;
30mennene frå Rama og Geba, seks hundrad og ein og tjuge;
31Mikmas-mennene, hundrad og tvo og tjuge;
32mennene frå Betel og Ai, hundrad og tri og tjuge;
33mennene frå det andre Nebo, tvo og femti;
34etterkomarane etter den andre Elam, eit tusund tvo hundrad og fire og femti;
35Harims-sønene, tri hundrad og tjuge;
36Jeriko-mennene, tri hundrad og fem og fyrti;
37Mennene frå Lod, Hadid og Ono, sju hundrad og ein og tjuge;
38Sena'a-sønene, tri tusund ni hundrad og tretti.
39Av prestane: Jedaja-sønene av Josva-ætti, ni hundrad og tri og sytti;
40Immers-sønene, eit tusund og tvo og femti;
41Pashurs-sønene, eit tusund tvo hundrad og sju og fyrti;
42Harims-sønene, eit tusund og syttan.
43Av levitane: Josva-sønene av Kadmiels-ætti, av Hodeva-sønene, fire og sytti.
44Av songarane: Asafs-sønene, hundrad og åtte og fyrti.
45Av dørvaktarane: Sallums-sønene, Aters-sønene, Talmons-sønene, Akkubs-sønene, Hatita-sønene, Sobai-sønene, hundrad og åtte og tretti.
46Av tempelsveinane: Siha-sønene, Hasufa-sønene, Tabbaots-sønene,
47Keros-sønene, Sia-sønene, Padons-sønene,
48Lebana-sønene, Hagaba-sønene, Salmai-sønene,
49Hanans-sønene, Giddels-sønene, Gahars-sønene,
50Reaja-sønene, Resins-sønene, Nekoda-sønene,
51Gassams-sønene, Ussa-sønene, Paseahs-sønene,
52Besai-sønene, Me'unims-sønene, Nefussims-sønene,
53Bakbuks-sønene, Hakufa-sønene, Harhurs-sønene,
54Baslits-sønene, Mehida-sønene, Harsa-sønene,
55Barkos-sønene, Sisera-sønene, Tamahs-sønene,
56Nesiahs-sønene, Hatifa-sønene.
57Av etterkomarane etter Salomos tenarar: Sotai-sønene, Soferets-sønene, Perida-sønene,
58Ja'ala-sønene, Darkons-sønene, Giddels-sønene.
59Sefatja-sønene, Hattils-sønene, Pokeret-Hasseba'ims-sønene, Amons-sønene.
60Tempelsveinane og etterkomarane etter Salomos tenarar var i alt tri hundrad og tvo og nitti.
61No skal eg nemna dei som kom frå Tel-Melah, Tel-Harsa, Kerub, Addon og Immer, men ikkje kunde gjeva nokor greida på si ætt og sitt upphav - um dei høyrde til Israel eller ikkje.
62Det var Delaja-sønene, Tobias-sønene og Nekoda-sønene, seks hundrad og tvo og fyrti,
63og av prestane: Hobaja-sønene, Hakkos-sønene, og sønene åt Barsillai, han som hadde teke ei av døtterne åt Barsillai frå Gilead til kona og so hadde fenge namn etter dei.
64Desse leita etter ættelistone sine, men dei vart ikkje funne; difor vart dei haldne for uverdige og utestengde frå prestedømet,
65og landshovdingen forbaud dei å eta av det høgheilage fyrr det stod fram ein prest som hadde urim og tummim.2 Mos 28,30
66Heile lyden var i alt tvo og fyrti tusund tri hundrad og seksti,
67umfram tenarane og tenestgjentone; DEI var sju tusund tri hundrad og sju og tretti i talet. Det var og tvo hundrad og fem og fyrti songarar og songmøyar med dei.
68Dei hadde sju hundrad og seks og tretti hestar, tvo hundrad og fem og fyrti muldyr,
69fire hundrad og fem og tretti kamelar og seks tusund sju hundrad og tjuge asen.
70Nokre av ættehovdingane kom med gåvor til arbeidet. Landshovdingen gav til kassa tusund gulldarikar, femti skåler og fem hundrad og tretti prestekjolar.
71Andre ættehovdingar la tjuge tusund gulldarikar og tvo tusund og tvo hundrad sylvminor i arbeidskassa.
72Det som hitt folket gav, var tjuge tusund gulldarikar og tvo tusund sylvminor og sju og seksti prestekjolar.
73Prestane og levitane og dørvaktarane og songarane busette seg i byane sine, og det same gjorde nokre av lyden og tempelsveinane og heile Israel elles. Då sjuande månaden kom, budde Israels-borni i byane sine.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.