Klagesongane 5 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Jeremia legg fram for Herren all den trengsla og naudi som Israel hev lote lida av fiendane sine, 1-18, og bed at han atter vil gjeva det sin nåde, 19-22.

1Kom i hug, Herre, det som hev hendt oss, skoda og sjå kor me vert hædde!

2Vår arv hev framande fenge, utlendingar våre hus.Jer 6,12

3Farlause hev me vorte, hev ikkje far; møderne våre er som enkjor.

4Me lyt kjøpa det vatnet me drikk, vår ved lyt me betala.

5Våre forfylgjarar hev me på nakken; me er trøytte, me fær ikkje kvild.

6Egyptarland gav me oss under, og Assyria, so me kunde mettast med brød.

7Våre feder hev synda, dei er burte; me ber deira misgjerningar.2 Mos 20,5

8Trælar er våre herrar; ingen riv oss ut or deira hand.

9Med livsfåre hentar me vårt brød, i otte for øydemarks-sverdet.

10Vår hud er glodheit som omnen for svolten som svid og brenn.

11Kvinnor hev dei skjemt i Sion, møyar i byane i Juda.

12Hovdingar hev dei hengt, dei gamle hev dei ikkje vist vyrdnad.5 Mos 28,50

13Unge menner bar kverni, og gutar seig ned med vedbyrdi på.

14Dei gamle sit ikkje lenger i porten, dei unge ikkje meir med sitt strengespel.

15Det er slutt med vår hjartans gleda, vår dans er umsnudd til sorg.

16Kruna hev falle av vårt hovud; usæle me, me hev synda!Jer 13,18; Esek 21,26; Job 19,9

17Difor er hjarta vårt sjukt, difor er augo våre dimme,

18for Sionfjellet skuld, som ligg audt; der renner no revar ikring.Jer 9,11

19Du, Herre, sit æveleg konge, frå ætt til ætt stend din kongsstol.Sal 9,8; 102,13

20Kvi skulde du æveleg gløyma oss, ganga frå oss for so lang ei tid?Sal 13,2

21Herre, før oss atter til deg, so me kann koma attende! Nya upp att dagane våre, so dei vert som dei ein gong var!

22For du kann vel ikkje reint ha støytt oss burt, vera so ovleg harm på oss.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help