1Prisa Herren, for han er god, hans miskunn varer æveleg.
2Prisa han som er Gud yver alle gudar! For hans miskunn varer æveleg.5 Mos 10,17
3Prisa han som er Herre yver alle herrar! For hans miskunn varer æveleg;
4han, den einaste som gjer store under, for hans miskunn varer æveleg;Sal 86,10
5han som gjorde himmelen med vit, for hans miskunn varer æveleg;1 Mos 1,6-8
6han som strakte jordi yver vatni, for hans miskunn varer æveleg;1 Mos 1,9; Sal 24,2
7han som gjorde dei store ljos, for hans miskunn varer æveleg,1 Mos 1,14-19
8soli til å råda um dagen, for hans miskunn varer æveleg,
9månen og stjernone til å råda um natti, for hans miskunn varer æveleg;
10han som slo egyptarane gjenom deira fyrstefødde, for hans miskunn varer æveleg,Sal 135,8
11og førde Israel ut frå dei, for hans miskunn varer æveleg,2 Mos 12,41
12med sterk hand og strak arm, for hans miskunn varer æveleg;
13han som skar sund Raudehavet, for hans miskunn varer æveleg,2 Mos 14,21-31
14og let Israel ganga midt igjenom, for hans miskunn varer æveleg,
15og kasta Farao og heren hans i Raudehavet, for hans miskunn varer æveleg;
16han som førde sitt folk gjenom øydemarki, for hans miskunn varer æveleg;
17han som slo store kongar, for hans miskunn varer æveleg,Sal 135,10-12
18og drap herlege kongar, for hans miskunn varer æveleg,
19Sihon, amoritarkongen, for hans miskunn varer æveleg,
20og Og, Basan-kongen, for hans miskunn varer æveleg,
21og gav deira land til arv, for hans miskunn varer æveleg,
22til arv for Israel, sin tenar, for hans miskunn varer æveleg;
23han som kom oss i hug i vår stakkarsdom, for hans miskunn varer æveleg,2 Mos 2,24; 3,7-8
24og reiv oss ut or fiendevald, for hans miskunn varer æveleg;
25han som gjev alt som lever mat, for hans miskunn varer æveleg.Sal 104,27-30
26Prisa Gud i himmelen, for hans miskunn varer æveleg!
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.