Kolossarane 3 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)
Dei truande skal ikkje hava hugen sin vend til det som er på jordi, men til det som er i himmelen, av di dei hev døytt frå verdi og hev livet sitt einast i Kristus, 1-4. Dei skal meir og meir leggja av dei udygdene og lastene som dei hadde i heidenskapen, avkleda seg det gamle mennesket og iklæda seg det nye, 5-11. Difor skal dei leggja vinn på kjærleik i all si ferd, lata Kristi ord bu rikeleg hjå seg og gjera alt i hans namn, 12-17. So syner Paulus korleis eit slikt heilagt liv skal levast av ektefolk, 18.19, born og foreldre, 20.21, tenarar og husbondsfolk, 22-4,1.
1Er de då uppreiste med Kristus, so søk det som er der uppe, der Kristus sit ved Guds høgre hand!