Ordtaka 25 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)
Ei ny samling av Salomos ordtøke, 1. Guds æra og konge-æra; konge-hjarto; korleis kongsstolen vert grunnfest; korleis ein skal fara åt hjå kongar, 2-7; trettor og rettssaker; 8-10; eit ord i rette tid, 11; fyretolor, 12; ein tru bodberar, 13; um å lova ein ei gåva og ikkje halda ord, 14; spaklynde og milde ord, 15. Liksom ein skal njota honning med måte, so skal ein ikkje vitja ein ven for tidt og ikkje gruvla for mykje, 16.17.27. Rangt vitnemål, 18; lit til utrue folk, 19; å syngja visor for eit sorgfullt hjarta, 20; å gjera vel mot fiendar, 21.22; vond tunga, 23; trettekjær kvinna, 24; god tidend, 25; når dei rettferdige er veike, 26; ein mann som ikkje kann styra sin hug, 28.
1Dette er og ordtøke av Salomo, og av mennene åt Esekias, Juda-kongen, hev samla dei:
3Himmelhøgd og jord-dypt og konge-hjarto kann ingen granska ut.
4Skil slagget frå sylvet, so fær gullsmeden ei skål av det.
5Få den ugudlege burt frå kongen, so vert hans kongsstol fast ved rettferd.
14Som skyer og vind utan regn er ein mann som kyter av gåvor han ikkje gjev.