Jeremia 8 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)
Ikkje ein gong liki av longe sidan avlidne avgudsdyrkarar skal verta sparde, og dei som lever att, skal koma i slik armodsdom at dei heller vil døy enn leva, 1-3. So skræmeleg ein dom kjem yver folket for di det herder på med fråfallet, lokka til det av sine innbilske lærarar, som forvanskar Herrens lov og lovar det fred, men berre lyg, 4-13. I domstidi, når fienden kjem, skal vonløysa taka folket, som ser at det hev vorte narra, 14-17. Profeten høyrer i åndi kor det burtførde folket jamrar seg, og gjev ord for si store sorg yver lagnaden det fær, 18-22; kap. 9,1.
1I den tidi, segjer Herren, skal dei taka beini åt Juda-kongane og beini åt hovdingane og beini åt prestane og beini åt profetane og beini åt Jerusalems-buane ut or gravene deira
2og breida dei ut for soli og månen og heile himmelheren, som dei elska og tente, og som dei fylgde og søkte og tilbad; dei skal ikkje verta samla og ikkje gravlagde; til møk utyver marki skal dei verta.