2. Mosebok 39 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Dei lagar dei heilage klædebunadene åt prestane, 1-31. Dei gjer alt ferdigt, og so kjem dei til Moses med det; han velsignar folket, 32-43.

1Av den blå og purpurraude og karmosinraude ulli gjorde dei embetsskrudet til tenesta i heilagdomen og laga den heilage klædebunaden åt Aron, soleis som Herren hadde sagt Moses fyre.

7og dei vart sette på akslebandi åt messehakelen, so dei skulde minna Herren um Israels-borni, soleis som Herren hadde sagt Moses fyre.

8So gjorde dei bringeduken. Han var vent rosa liksom messehakelen, med gull og blå og purpurraud og karmosinraud ull og fint tvinna lingarn.

9Firkanta gjorde dei bringeduken og tvilagd; ei spann på lengdi og ei spann på breiddi var han og tvilagd.

10Og fire rader med dyre steinar sette dei på han: I ei rad var ein karneol og ein topas og ein smaragd; det var fyrste radi.

11I den andre radi var ein karfunkel og ein safir og ein diamant,

12og i den tridje radi ein hyasint og ein agat og ein ametyst,

13og i den fjorde radi ein krysolit og ein onyks og ein jaspis. Dei vart innfelte i fatingar av tvinna gull.

14Steinane var tolv i talet etter namni åt Israels-sønene, ein for kvart namn; og på kvar stein var namnet åt ei av dei tolv ættene inngrave liksom på ein seglring.

15So laga dei lekkjor av skirt gull, slyngde som snorer, til bringeduken.

16Og dei gjorde tvo gullsylgjor og tvo gullringar og sette ringane i kvar sitt hyrna på bringeduken.

17Dei tvo gullsnorene feste dei i dei tvo ringane som sat i hyrno på bringeduken,

18og dei hine tvo endane av båe snorene feste dei i dei tvo sylgjone, og sylgjone sette dei på akslebandi åt messehakelen, på framsida.

19So gjorde dei tvo andre gullringar og sette dei i dei hine tvo hyrno på bringeduken, på den sida som vender inn imot messehakelen.

20Og endå tvo gullringar gjorde dei og sette på båe akslebandi åt messehakelen, nedantil på framsida, der som han vert hekta i hop, ovanfor beltet,

21og so batt dei med ei blå ullsnor ringane på bringeduken i hop med ringane på messehakelen; so bringeduken sat ovanfor beltet og ikkje kunde rikkast frå messehakelen, soleis som Herren hadde sagt Moses fyre.

22So gjorde dei prestekjolen som var til å bera under messehakelen; han var voven og all igjenom av blå ull.

23Midt på prestekjolen var det eit halssmog som på ei brynja, og kringum halssmoget ei borda, so han ikkje skulde rivna.

24I falden på kjolen nedantil sette dei granateple av tvinna blått purpurraudt og karmosinraudt ullgarn,

25so gjorde dei bjøllor av skirt gull og sette rundt ikring på kjolefalden, millom granatepli:

26fyrst ei bjølla og eit granateple, so ei bjølla og eit granateple att, og soleis rundt heile kjolefalden, til å bruka ved gudstenesta, soleis som Herren hadde sagt Moses fyre.

27So gjorde dei vovne underkjolar av fint lin til Aron og sønene hans,

28og ei huva av fint lin og prydelege hovudplagg av fint lin og lereftsbrøker av fint tvinna lingarn,

29og eit belte av fint, tvinna lingarn og blå og purpurraud og karmosinraud ull med utsauma rosor, soleis som Herren hadde sagt Moses fyre.

30So gjorde dei gullspongi, det heilage hovudgullet og på den grov dei inn som i ein seglring: Helga til Herren,

31og dei sette ei snor av blå ull i henne og feste henne ovantil på huva, soleis som Herren hadde sagt Moses fyre.

32No var det ferdigt alt det som skulde arbeidast åt tabernaklet, møtetjeldet, og Israels-borni hadde i eitt og alt gjort det soleis som Herren hadde sagt Moses fyre.

33So kom dei då til Moses med tabernaklet: tjeldet med alt det som høyrde til det: krokane og plankane og tverrstengene og stolpane og stabbane

34og det raudleta verskinnstaket og takasskinns-taket og forhengteppet,

35vitnemålskista med berestengene og nådestolen,

36bordet med alle dei ting som høyrde til det, og skodebrødi,

37gull-ljosestaken med lampone som skulde setjast i rad og alt anna som høyrde til, og oljen til ljosestaken,

38gullaltaret og salvingsoljen, den angande røykjelsen og teppet til tjelddøri,

39koparaltaret med kopargrindi og berestengene og alt anna som høyrde attåt, balja og foten ho skulde standa på,

40umhengi til fyregarden med stolpane og stabbane som høyrde til, og teppet til fyregardsporten og togi og pålane og alt det som skulde brukast til tenesta i tabernaklet, i møtetjeldet,

41embetsskrudet til tenesta i heilagdomen, den heilage klædebunaden til Aron, presten, og presteklædi til sønene hans.2 Mos 31,10

42Som Herren hadde sagt Moses fyre, heiltupp soleis hadde Israels-borni gjort alt arbeidet.

43Og Moses skoda heile verket, og då han såg at det var ferdigt, og at dei i alle måtar hadde gjort det soleis som Herren hadde sagt, so velsigna han dei.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help