Esekiel 24 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Same dagen som kaldearane under Nebukadnesar tek til å kringsetje Jerusalem, openberrar Herren det for Esekiel, 1.2, og byd han å forkynna dei burtførde i Babel i ei likning at folket som er samla i Jerusalem, no skal verta øydelagt for gudløysa si, og sjølve byen for den inngrodde ureinskapen sin, 3-14. Same dagen forkynner Herren Esekiel at det kjæraste han eig, brått skal takast frå han, og byd han å syrgja yver tapet i stilla, utan dei vanlege merki på sorg. Um kvelden same dagen døyr kona åt profeten, og han gjer som Herren hev bode han. Folket spør kva åtferdi hans skal tyda; han svarar at det er ei varsel Herren gjev dei: Når dei fær vita at det kjæraste dei eig, templet og borni deira, som er att i Jerusalem, hev gjenge til grunns, skal dei og gripast av ei tagal, tærande sorg, 15-24. Fyrst når profeten fær tiendi um at Jerusalem er øydelagt, skal han ikkje tegja lenger, men atter tala til folket, 25-27.

1Herrens ord kom til meg i det niande året, den tiande dagen i tiande månaden, og det lydde so:

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help