Nehemja 9 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Israelitane held same månaden ein faste- og bededag, skil seg frå dei framande, sannar syndene sine og høyrer på at lovi vert upplesi, 1-3. I ei bøn prisar levitane Guds velgjerningar mot Israel, sannar syndene åt folket og bed Gud at han vil hjelpa det no det er i so stor naud, 4-37.

1Fire og tjugande dagen i same månaden samla Israels-borni seg og heldt fasta, klædde i sekk og med mold på hovudet.

2Dei som var av Israels ætt, skilde seg frå alle framande og steig fram og sanna syndene sine og broti åt federne sine.

3Ein fjordepart av dagen vart dei standande kvar på sin stad og lydde på dei som las upp or lovboki åt Herren deira Gud, og ein annan fjordepart av dagen skrifta dei og tilbad Herren sin Gud.

4Josva og Bani, Kadmiel, Sebanja, Bunni, Serebja, Bani og Kenani steig upp på den tramen som var gjord åt levitane, og dei ropa med høg røyst til Herren sin Gud.

5Og levitane Josva og Kadmiel, Bani, Hasabneja, Serebja, Hodia, Sebanja og Petahja sa: Reis dykk og lova Herren dykkar Gud frå æva og til æva! Ja, lova vere ditt herlege namn, som er upphøgt yver alt lov og all pris!

6Einast du er Herren. Du hev skapt himlane, himle-himlane og all deira her, jordi og alt som på henne er, havi og alt som i dei er; du held liv i alt saman, og himmelheren tilbed deg.Jes 37,16; Apg 4,24; 14,15; Sal 103,21-22; Joel 2,13

7Det var du, Herre Gud, som valde ut Abram og henta han or Ur i Kaldea og gav han namnet Abraham.1 Mos 11,31; 17,5

8Du såg at hjarta hans var trufast mot deg; difor gjorde du den pakti med han at du vilde gjeva ætti hans landet åt kana'anitane og hetitane og amoritane og ferisitane og jebusitane og girgasitane; og du heldt lovnaden din, av di du er rettferdig.1 Mos 12,7; 15,18-21

9Du såg kor mykje vondt federne våre leid i Egyptarland, og du høyrde ropet deira ved Raudehavet.2 Mos 3,7-12; 14,9-14

10Du gjorde teikn og under med Farao og alle mennene hans og alt folket i landet hans; for du visste at dei hadde fare ovmodigt åt med dei; då vann du deg eit stort namn, som det syner seg enno i dag.

11Du kløyvde havet for dei, og dei gjekk midt igjenom havet på turre grunnen; dei som elte dei, kasta du i djupet - dei sokk som stein i veldige vatn.2 Mos 14,21-23; 15,4-21; Sal 106,9; 136,13-22

12Du leidde dei i ein skystopul um dagen og i ein eldstopul um natti til å lysa for dei på den vegen dei skulde fara.2 Mos 13,21-22; Sal 105,39

13Du steig ned på Sinaifjellet og tala med dei frå himmelen; du gav dei rette skipnader og trygge lover, gode fyresegner og bod.2 Mos 19,18-25; 20,1-17; Sal 19,8-11

14Du kunngjorde din heilage sabbat for dei; du gav dei bod og fyresegner og lover gjenom Moses, tenaren din.

15Du gav dei brød frå himmelen når dei var svoltne, og let vatn koma ut or berget for dei når dei var tyrste; og du sa til dei at dei skulde draga inn og eigna til seg det landet som du med handi i veret hadde svore at du vilde gjeva dei.2 Mos 16,4.14-30; 17,6; 4 Mos 20,8.11

16Men dei - federne våre - var ovmodige og hardnakka og høyrde ikkje på dine bod.

17Dei vilde ikkje lyda og kom ikkje i hug dei underi du hadde gjort for dei, men var hardnakka og valde seg ein hovding og vilde i trass fara attende til trældomen sin. Men du er ein Gud som gjerne tilgjev; du er nådig og hjartemild, tolug og rik på miskunn - du slepte dei ikkje.4 Mos 14,4; 2 Mos 34,6; Sal 103,8; Joel 2,13

18Dei støypte seg jamvel ein kalv og sa: Dette er din Gud, som førde deg upp frå Egyptarland, og dei for med store spottingar.2 Mos 32,4

19Men endå var di miskunn so stor at du ikkje slepte dei i øydemarki; skystopulen veik ikkje frå dei um dagen, men leidde dei på vegen; ikkje heller veik eldstopulen frå dei um natti, men lyste for dei på den vegen dei skulde fara.2 Mos 13,22

20Du gav dei din gode Ande til å rettleida dei; du meinka ikkje munnen deira din manna, og du gav dei vatn når dei var tyrste.Neh 9,15; 5 Mos 8,3.16

21I fyrti år forsytte du dei i øydemarki, so dei ingen ting vanta; klædi deira vart ikkje slitne, og føtene deira trutna ikkje.5 Mos 8,4; 29,5

22Du gav dei rike og folk, som du skifte ut åt dei på alle leider; dei la under seg landet åt Sihon, kongen i Hesbon, og landet åt Og, kongen i Basan.4 Mos 21,21-23.33-35

23Du gjorde borni deira so mangmente at dei var som stjernone på himmelen i mengd, og førde dei inn i det landet du hadde lova federne deira at dei skulde koma inn i og få til odel og eiga.Neh 9,15; 1 Mos 15,5; 22,17

24So kom då borni deira og eigna til seg landet, og du bøygde dei som budde i landet - kana'anitane - i kne for dei og gav dei i deira vald, både kongane og folki der i landet, so dei kunde gjera med dei som dei vilde.

25Dei tok faste byar og vann grøderik jord og eigna til seg hus som var fulle av alle gode ting, og uthogne brunnar, vinhagar og oljetre og aldetre i mengdevis; og dei åt og vart mette og feite og gjorde seg glade dagar av din store godleik.5 Mos 6,10-11

26Men so slo dei seg vrange og sette seg upp imot deg og kasta lovi di attum ryggen sin; dei drap profetane dine, som vara dei åt og vilde føra dei attende til deg, og dei gav utor seg stygge spottingar.5 Mos 32,15-18

27Då gav du dei i fiendevald, og fiendane trengde dei hardt; men når dei i si naud og trengsla ropa til deg, høyrde du det i himmelen, og i di store miskunn sende du dei frelsarar, som frelste dei frå fiendane deira.Dom 3,9.15; Sal 106,40-43

28Når dei so hadde fenge ro, gjorde dei atter det som du mislika, og du gav dei i fiendevald, so fiendane trælka dei; men når dei so på nytt lag ropa til deg, høyrde du det i himmelen og berga dei i di miskunn gong på gong.

29Du vara dei åt og vilde få dei til å venda um til di lov; men dei var ovmodige og lydde ikkje bodi dine; dei synda mot lovene dine - dei som menneskja lever ved når ho held dei. I trass sette dei herdi imot og gjordest stivnakka og vilde ikkje lyda.2 Kong 17,13-23; 2 Krøn 36,15-16; 3 Mos 18,5; Esek 20,11

30I mange år hadde du tolmod med dei og vara dei åt med din Ande gjenom profetane dine, men dei gav ikkje gaum etter det; då gav du dei framande folk i vald.

31Men i di store miskunn gjorde du ikkje heilt ende på dei og slepte dei ikkje; for du er ein nådig og miskunnsam Gud.Klag 3,22; Mal 3,6; Jer 30,11; 46,28

32Og no, vår Gud, du store, veldige og agelege Gud, du som held di pakt og let di miskunn vara ved, lat det ikkje synast deg smått alt dette vonde som hev råma oss - kongane våre, hovdingane våre, prestane og profetane våre, federne våre og heile folket ditt - frå tidi åt assyrarkongane og til denne dag!

33Men med alt det som hev kome yver oss, so er du rettferdig; for du hev vore trufast, men me hev fare gudlaust åt.Dan 9,7.14

34Kongane våre, hovdingane våre, prestane våre og federne våre hev ikkje halde seg etter lovi di; dei hev ikkje akta på bodi dine og dei åtvaringane du gav dei.Dan 9,6.8

35Og endå dei budde i sitt eige rike, og du hadde unnt dei so mykje godt og gjeve dei rådvelde yver dette vide og grøderike landet, tente dei deg ikkje og vende ikkje um frå si vonde åtferd.

36Sjå, no er me trælar - i det landet du gav federne våre, so dei skulde njota fruktene som veks der, og alt det gode der er, der sit me no trælar.

37Landet ber si rike grøda åt dei kongane som du sette yver oss for våre synder skuld, og dei råder etter eige tykke yver lekamane våre og feet vårt. Me er i stor naud.

38Etter alt dette gjorde me ei fast pakt og skreiv henne upp; det vart sett innsigle på skrivet, og hovdingane, levitane og prestane våre skreiv under.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help