Salmane 11 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

David viser frå seg den rådi at han skal berga livet med røming og halda si sak for tapt, 1-3. I trui på Herrens rettferd er han viss på at Herren vil lata straffi koma yver dei ugudlege fiendane hans, 4-7.

1Til songmeisteren; av David. / Til Herren flyr eg inn; kor kann de då segja til mi sjel: Fly til dykkar fjell som ein fugl?

2For sjå, dei ugudlege spenner bogen, dei legg si pil på strengen og vil skjota i myrkret på dei ærlege i hjarta.Sal 64,4-5

3Når grunnvollane vert nedrivne, kva kann då den rettferdige gjera?

4Herren er i sitt heilage tempel, Herrens kongsstol er i himmelen, hans augo skodar, ein blink av hans augo prøver mannsborni.Jes 66,1; Hab 2,20

5Herren prøver den rettferdige; men den ugudlege og den som elskar vald, hatar hans sjel.Sal 5,5

6Han let snaror regna ned på dei ugudlege; eld og svovel og glodheit vind vert dei tilmælt i deira staup.1 Mos 19,24; Esek 38,22

7For Herren er rettferdig, han elskar rettferd; på den ærlege ser hans åsyn.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help