5. Mosebok 32 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Avskilssongen åt Moses. Han bed himmel og jord høyra på hans ord når han prisar Herren, 1-3. Det er ikkje Gud som hev skuldi for dei ulukkone som kjem yver Israel; for han er trufast; Israels-borni hev sjølve skuldi, for di deg hev svike han. Gud hev i framfarne tider gjort vel imot Israel; men dei hev vore utakksame og falle ifrå han, 4-18. Difor laut han straffa dei strengt, 19-25; ja, han hadde vilja gjort ende på dei, um han ikkje hadde ottast at fiendane skulde tru det var deira verk at Israel vart tynt, 26-33. Men Gud vil ikkje for alle tider gjeva folket sitt i hendene på fiendane; ein gong vil han straffa fiendane og frelsa folket sitt, 34-42. Heidningane skal prisa Israel for di dei hev ein slik Gud, 43. Til slutt manar Moses på nytt lag folket til å akta på Guds ord, til bate for seg sjølve, 44-47. Same dagen segjer Herren at Moses skal stiga upp på Nebo-fjellet, der skal han få sjå utyver Kana'ans-landet, og so lyt han døy der, 48-52.

1Høyr, de himlar, på meg med eg talar, lyd, du jord, på ordi frå min munn!

17Dei ofra til makter som ikkje er Gud, til gudar dei ikkje kjende fyrr, nye og nyst uppkomne, som federne ikkje ottast.

18Fjellet, ditt upphav, ansa du ikkje; du gløymde Gud, som gav deg livet.

19Og Herren såg det og støytte dei burt; han harmast på sine søner og døtter.

20Han sa: Eg skal løyna mi åsyn for dei; eg vil sjå kva ende dei fær; for dei er ei ætt av uvyrdor, born som ein aldri kann tru.

22For ein eld er kveikt i min vreide og logar til djupaste helheimen; han øyder landet og grøda deg og fatar i grunnvollane under fjelli.

23Eg skal sanka i hop ulukkor og sleppa nedyver dei; kvar ei pil eg hev i mi eiga, skal eg skjota av imot dei.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help