Ordtaka 5 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Me skal akta på visdomen, 1-2, og vara oss for hor, 3-14, søkja vår gleda i trufast kjærleik til maken vår, og koma i hug at Gud ser alle ting og let dei ugudlege døy i sine synder, 15-23.

1Son min! Gjev ans på min visdom, lut øyra ned til mitt vit,Ordt 4,20

2so du kann gøyma kloke råder og lippone halda på kunnskap!

3For honning dryp av lippone på framand kvinna, og sleipare enn olje er tunga hennar,Sal 55,22; Ordt 2,16

4men til slutt er ho beisk som malurt, kvass som eit tvieggja sverd.

5Hennar føter stig ned til dauden, hennar fet fører radt til helheims.Ordt 2,18

6Livsens stig vil ho ikkje ganga; ho vinglar vegvill, men veit det ikkje.

7So høyr no på meg, mine born, og vik ikkje frå det som munnen min mæler!

8Lat din veg vera langt frå henne, og kom ikkje nær hennar husdør!

9Elles gjev du di pryda til andre, til ein hardstyrar dine år;

10framande fær metta seg av di eiga, og det du hev streva i hop, kjem i annanmanns hus,

11so du lyt stynja i di siste stund, når ditt hold og ditt kjøt tærest burt,

12og segja: Kor kunde eg hata tukt, kor kunde hjarta mitt vanvyrda age,

13so eg ikkje høyrde på dei som lærde meg, og ikkje lydde på dei som rettleidde meg!

14Nær var eg komen ille i det midt i lyden som sat til tings.3 Mos 20,10; 5 Mos 22,24; Esek 16,40

15Drikk or din eigen brunn, drikk rennande vatn or di eigi kjelda!Ordt 9,17

16Skulde kjeldone dine fløyma på gata, bekkene dine på torgi?

17Lat dei vera berre for deg og ikkje for framande med deg!

18Kjelda di vere velsigna, gled deg i din ungdoms viv!Fork 9,9

19Elskhugs-hindi, ynde-gasella! Barmen hennar kveikje deg til kvar tid, av kjærleiken hennar vere du alltid ør!

20Kvi skulde du, son min, vera ør av trå etter annanmanns kona og femna barmen på framand kvinna?

21For Herren hev kvar manns vegar for augo, og han jamnar alle hans stigar.Job 34,21; Jer 10,23; 16,17

22Den ugudlege vert fanga i sine eigne misgjerningar, og hans eigi synd vert snaror som held han fast.

23Han lyt døy, av di han ikkje let seg aga, og for sin store dårskap skuld tumlar han i koll.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help