2. Krønikebok 29 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Esekias vert konge; han ottast Herren og manar prestane og levitane til å få gudstenesta i rett lag att, 1-11. Dei reinsar Herrens hus, ofrar og legg seg um å få skipa gudstenesta på rette måten; levitane er meir ihuga enn sume av prestane, 12-36.

1Esekias tok styret då han var fem og tjuge år gamal, og han sat konge i Jerusalem i ni og tjuge år. Mor hans heitte Abia Sakarjadotter.

32Talet på brennofferi som lyden bar fram, var: sytti uksar og hundrad verar og tvo hundrad lamb. Alt dette var etla til brennoffer for Herren.

33Dei andre offeri som vart framborne, var seks hundrad naut og tri tusund sauer og geiter.

34Men prestane var for få til å flå alle brennofferi; difor fekk dei hjelp av levitane, yrkesbrørne sine, til dess arbeidet var frå-seg-gjort, og alle prestane hadde helga seg; for levitane hadde synt ærlegare vilje til å helga seg enn prestane.2 Krøn 30,3

35So var det då og ei mengd med brennoffer, og attåt det kom feittstykki av takkofferi og like eins drykkofferi som høyrde til brennofferi. Soleis kom tenesta i Herrens hus i rette laget.

36Og Esekias og heile folket gledde seg yver det som Gud hadde gjort for folket; for alt dette var kome so brått.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help