Jeremia 10 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Profeten åtvarar Israel, som er dømt til utlægd, mot den heidne avgudsdyrkingi; gudane åt heidningane er daude bilete, men Herren er den sanne, ævelege, levande og allmektige Gud, som hev skapt himmel og jord og kunngjer si allmakt i all sin skapning, 1-16. Han varslar på nytt lag at folket skal verta burtført og landet lagt i øyde, og bed Herren at han vil straffa sitt folk med måte, men renna sin harm ut yver fiendane, 17-25.

1Høyr det ordet Herren hev tala til dykk, Israels hus!

2So segjer Herren: Ven dykk ikkje til vegen åt heidningane, og reddast ikkje himmelteikni, endå um heidningane reddast dei!

3For dei seder folkeslagi hev, er fåfengd. Dei høgg eit tre i skogen, og treskjeraren lagar det til med øksi;

9sylvplator, førde frå Tarsis, og gull frå Ufas, eit verk av ein treskjerar og av gullsmed-hender; klednaden deira er av blått og raudt purpur, eit verk av hage kunstmenner er dei alle.

12Han skapte jordi med si kraft, han grunnfeste heimen med sin visdom og spana ut himmelen med sitt vit.

17Sanka godset ditt utor landet, du som bur i kringsette byar!

18For so segjer Herren: Sjå, denne gongen vil eg slengja burt dei som bur i landet, og trengja dei so dei skal få kjenna det.

19Eie meg for eit slag eg hev fenge! Ulækjande er mitt sår! Men eg segjer: Ja, dette er ei plaga som eg lyt bera.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help