Hebrearane 8 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Kristus hev ikkje berre vore øvsteprest her på jordi, då han ofra seg sjølv, men er endå øvsteprest i himmelen, 1-6; den pakti som kviler på dette Kristi øvsteprestedøme, er mykje større og fullkomnare enn den gamle, 7-13.

1Men ein hovudsak i det som her vert sagt, er: Me hev ein sovoren øvsteprest som sette seg ved høgre sida åt kongsstolen til Majesteten i himlane,Hebr 1,3.13; Kol 3,1

2med presteleg tenesta i heilagdomen, det sanne tabernaklet, som Herren hev reist, og ikkje eit menneske.Hebr 9,24; 10,21

3For kvar ein øvsteprest vert innsett til å bera fram både gåvor og slaktoffer; difor er det naudsynt at denne og hev noko å bera fram.Hebr 5,1; Ef 5,2

4Um han no var på jordi, so var han ikkje ein gong prest; for det finst dei prestar som ber fram gåvone etter lovi,

5dei som tener ved eit bilete og ein skugge av det himmelske, etter den fyresegn Moses fekk då han skulde laga tabernaklet; for han segjer: Sjå til at du fær gjort alt etter det biletet som vart synt deg på fjellet!Hebr 10,1; Kol 2,17; 2 Mos 25,40

6Men no hev han fenge so mykje betre prestetenesta som det og er ei hævare pakt han er millommann for, med di ho er grunnlagd på hævare lovnader.Hebr 7,22; 2 Kor 3,6

7For hadde den fyrste vore ulasteleg, so var det ikkje søkt rom åt ei onnor;

8for det er lastord han talar til dei når han segjer: Sjå, det kjem dagar, segjer Herren, då eg vil gjera ei ny pakt med Israels hus og Judas hus,Jer 31,31-34; 33,14

9ikkje etter den pakti som eg gjorde med federne deira den dagen då eg tok dei i handi og leide dei ut or Egyptarland; for dei vart ikkje standande i mi pakt, og so brydde eg meg ikkje um dei, segjer Herren.2 Mos 19,5-8

10For dette er den pakti som eg vil gjera med Israels hus etter dei dagane, segjer Herren: Eg vil leggja lovene mine i hugen deira og skriva dei i hjarta deira, og eg vil vera deira Gud, og dei skal vera mitt folk,Jer 24,7; Sak 8,8

11og dei skal ikkje læra sin kvar sin landsmann og kvar sin bror og segja: Kjenn Herren! for dei skal alle saman kjenna meg, frå den minste til den største av dei;Jes 54,13; Joh 6,45

12for eg vil vera nådig mot misgjerdene deira, og syndene deira vil eg ikkje lenger koma i hug.

13Med di han segjer: ei ny, hev han dømt den fyrste som gamal; men det som vert gamalt og foraldra, er nær ved å kverva burt.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help