2. Korintar 13 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Paulus trugar med å fara strengt fram mot dei i kyrkjelyden som hev synda og ikkje vendt um, 1-10. Han bed lesarane vera glade, fredsame og kjærlege, helsar dei og ynskjer dei Guds nåde, 11-13.

1Det er no tridje gongen eg kjem til dykk. Ved vitnemål frå tvo og tri skal kvar sak standa fast.2 Kor 12,14; 5 Mos 17,6

2Eg hev sagt det fyreåt og segjer det fyreåt, liksom då eg var nærverande andre gongen, soleis og no då eg er fråverande, til dei som fyrr synda, og til alle andre at når eg no kjem att, vil eg ikkje spara -2 Kor 12,20-21

3sidan de krev eit prov på at Kristus talar i meg, han som ikkje er vanmektig hjå dykk, men er sterk imillom dykk.Gal 2,20

4For um han og vart krossfest i vanmakt, so lever han i Guds kraft; for me og er vanmektige i han, men me skal leva med han i Guds kraft hjå dykk.Fil 2,7-8; 1 Pet 3,18; Op 1,18

5Ransaka dykk sjølve um de er i trui; prøv dykk sjølve! Eller kjenner de ikkje dykk sjølve at Jesus Kristus er i dykk? - utan so er at de ikkje held prøva.1 Kor 11,28; Rom 8,9

6Men eg vonar at de skal få kjenna at me ikkje er dei som ikkje held prøva.

7Men me bed til Gud at de ikkje må gjera noko vondt, ikkje for di at det skal syna seg at me held prøva, men at de skal gjera det gode, me derimot standa som dei som ikkje held prøva;

8for me kann ikkje noko imot sanningi, men berre for sanningi.

9For me gleder oss når me er vanmektige, men de sterke; dette bed me og um, at de må verta fullkomne.2 Kor 11,30; 12,10

10Difor skriv eg dette medan eg er fråverande, so eg, når eg er nærverande, ikkje skal turva fara strengt fram etter den makt som Herren hev gjeve meg til uppbyggjing, ikkje til nedriving.1 Kor 4,21; 2 Kor 12,21; 10,8

11Elles, brør, gled dykk, vert fullkomne, lat dykk påminna, ver samlyndte, haldt fred med kvarandre, so skal kjærleiken og fredsens Gud vera med dykk.Fil 4,4; Rom 12,16; 15,5; Hebr 12,14

12Helsa kvarandre med ein heilag kyss! Alle dei heilage helsar dykk.Rom 16,16; 1 Pet 5,14

13Herren Jesu Kristi nåde og Guds kjærleik og den Heilage Andens samfund vere med dykk alle!

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help