Domarane 11 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Gileaditane vel Jefta til førar i striden mot ammonitane, 1-11. Han sender bod til ammonitarkongen og krev at han skal lata Israel vera i fred, men kongen vil ikkje høyra på han, 12-28. Herrens Ande kjem yver Jefta; han lovar at han vil gjeva Herren den som fyrst kjem han til møtes frå huset hans, når han hev vunne yver ammonitane; han vinn yver dei, 29-33. Einaste dotter hans kjem til møtes med han; han vert sorgfull, men gjev henne likevel til Herren, 34-40.

1Jefta frå Gilead var ei gjæv kjempa. Han var son åt ei skjøkje, men Gilead var far hans.Hebr 11,32

2Med kona si hadde Gilead og søner; då dei vart vaksne, jaga dei Jefta burt og sa til han: Du fær ingen lut i arven etter far vår; for du er son åt ei framand kvinna.

3Då rømde Jefta for brørne sine og sette seg ned i Tobland, og det samla seg mange lause karar ikring han og var med han på ferdene hans.

4So leid det av ei tid; då var det ammonitane gjorde åtak på Israel,Dom 10,8-10

5og då ammonitane bar våpen mot Israel, tok styresmennene i Gilead ut og vilde henta Jefta heim frå Tobland.

6Og dei sa til han: Kom og ver føraren vår, so vil me strida mot ammonitane!

7Men Jefta sa: Var det ikkje de som hata meg og dreiv meg burt frå heimen min? Kvi kjem de då til meg no som de er i naud?

8Styresmennene svara: Det er då difor me no kjem att til deg; gjeng du med oss og strider mot ammonitane, so skal du vera hovdingen vår og råda yver alle Gileads-buane.Dom 10,18

9Då sa Jefta til styresmennene i Gilead: Vert eg med dykk heim og strider mot ammonitane, og Herren gjev dei i mi makt, so er det eg som skal vera hovdingen dykkar!

10Og dei svara: Herren skal vera vitne millom oss. Han late hemnen råme oss um me ikkje gjer som du segjer!

11Då gjekk Jefta med styresmennene; folket sette han til sin hovding og førar, og i Mispa tok han upp att alle ordi sine for Herrens åsyn.

12So sende han bod til ammonitarkongen og sa: Hev me noko ubytt, eg og du, sidan du kjem hit og gjer åtak på landet mitt?

13Då sa ammonitarkongen til sendemennene åt Jefta: Då Israel kom frå Egyptarland, tok dei landet mitt, frå Arnon til Jabbok, og til Jordan. Gjev det no att med godo!4 Mos 21,24

14Og Jefta sende endå ein gong bod til Jefta ammonitarkongen

15med dei ordi: So segjer Jefta: Israel hev ikkje teke land frå Moab eller frå Ammon.5 Mos 2,9.18-20

16På vegen frå Egyptarland for Israel igjenom øydemarki til Raudehavet og kom til Kades.

17Då sende dei bod til kongen i Edom og sa: Kjære, lat oss få fara gjenom landet ditt! Men Edom-kongen høyrde ikkje på dei. Til Moab-kongen sende dei og bod; men han vilde ikkje heller. So gav dei seg til i Kades.4 Mos 20,14-21

18Sidan heldt dei fram gjenom øydemarki. Dei for utanikring Edomitarlandet og Moabitarlandet, til dei kom austanum Moab og lægra seg på hi sida Arnon; dei kom ikkje inn på Moabs grunn; for Arnon er landskilet åt Moab.4 Mos 21,13

19So sende Israel bod til Sihon, amoritarkongen, kongen i Hesbon, og sa: Kjære, lat oss få fara gjenom landet ditt, so me kjem dit me skal!4 Mos 21,21-35

20Men Sihon trudde ikkje Israel so vel at han torde lata dei fara gjenom riket sitt; han samla heile heren sin, og dei lægra seg i Jahsa og gav seg i strid med Israel.

21Og Herren, Israels Gud, gav Sihon og heile heren hans i Israels hender; Israel slo dei og la under seg alle amoritarbygdene der i landet;

22heile Amoritarriket la dei under seg, frå Arnon til Jabbok og frå øydemarki til Jordan.

23So hev då Herren, Israels Gud, teke landet frå amoritane og gjeve det til folket sitt, til Israel, Og no vil du eigna det til deg?

24Er det ikkje so at det som Kamos, guden din, let deg vinna, det eignar du til deg, og alt det som Herren vår Gud gjer rydigt for oss, det eignar me til oss?

25Er då du so mykje betre enn Balak Sipporsson, Moab-kongen? Tretta han med Israel eller tok på dei?4 Mos 22,2

26No er det tri hundrad år sidan Israel busette seg i Hesbon og dei byane som ligg umkring, og i Aroer og byane der umkring og i alle byane langsmed Arnon; kvi hev de ikkje teke dei att i all den tidi?

27Eg hev ikkje gjort deg noko vondt; men du gjer meg stor urett med di du tek på meg. Herren, som er domaren, skal i dag døma millom Israel og Ammon.

28Men ammonitarkongen vilde ikkje høyra på det bodet Jefta sende han.

29Då kom Herrens Ande yver Jefta, og han for gjenom Gilead og Manasse; so for han fram til Mispa i Gilead, og frå Mispa i Gilead for han fram imot ammonitane.Dom 3,10; 6,34

30Og Jefta gjorde ein lovnad til Herren og sa: Gjev du ammonitane i hendene mine,

31då skal den som gjeng ut or husdøri mi og møter meg når eg kjem vel heim att frå ammonitane, då skal den høyra Herren til; eg skal ofra han til eit brennoffer.

32So for han fram imot ammonitane og stridde mot dei, og Herren gav dei i hendene hans.

33Han slo dei og tok frå dei landet frå Aroer til burtimot Minnit, tjuge byar, og alt til Abel-Keramim; det vart eit stort mannefall på dei, og Ammons-borni laut bøygja seg under Israel.

34Då Jefta kom heim att til garden sin i Mispa, gjekk dotter hans ut imot han og fagna han med trummor og dans; ho var einaste barnet hans; umfram henne hadde han ikkje anten son eller dotter.1 Sam 18,6

35Med det same han fekk sjå henne, reiv han sund klædi sine og ropa: Å, dotter mi, for ei sorg du valdar meg, for ei ulukke du fører meg i! Eg hev gjort so dyr ein lovnad til Herren, og eg kann ikkje taka att ordet mitt.4 Mos 30,3; 5 Mos 23,21

36Då sa ho til han: Far, hev du gjort so dyr ein lovnad til Herren, so gjer det med meg som du gav ordet ditt på, sidan Herren let deg få hemn yver ammonitane, uvenene dine.

37Men ein ting vilde eg gjerne skulde gjerast for meg, sa ho til far sin: Lat meg vera fri tvo månader, so eg kann ganga ned på heidane med venone mine og gråta yver mitt unge liv, eg som lyt fara burt møy!

38Han svara: Gjer so! og sa ho kunde vera burte tvo månader. So gjekk ho med venone sine og gret på heidane yver sitt unge liv.

39Men då tvo månadene var lidne, kom ho att til far sin, og då gjorde han med henne det som han hadde lova; og ho hadde aldri vore nær nokon mann. Sidan vart det sed i Israel

40at Israels-døtterne år for år gjeng av og syng minnekvede um dotter åt Jefta frå Gilead fire dagar um året.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help