1Det var i sju og tjugande året av Jeroboams kongedøme i Israel Asarja vart konge; han var son åt Juda-kongen Amasja.
14Då drog Menahem Gadison upp frå Tirsa og kom til Samaria; der slo han i hel Sallum Jabesson og vart konge i staden hans.
15Det som meir er å segja um Sallum og den samansverjingi han fekk i stand, det stend skrive i krønikeboki åt Israels-kongane.
16På den tidi drog Menahem ut frå Trisa og herja Tifsah og alt der var, og alle bygdene ikring. Dei let ikkje upp portane for han; difor herja han der og riste jamvel upp alle barnkonone.
31Det som meir er å segja um Pekah og alt det han gjorde, det stend skrive i krønikeboki åt Israels-kongane.
32I andre året av Pekah Remaljasons kongedøme i Israel vart Jotam konge; han var son åt Ussias, Juda-kongen.2 Krøn 27,1-4
33Då han fekk kongsnamn, var han fem og tjuge år gamal, og han sat sekstan år konge i Jerusalem. Mor hans heitte Jerusa og var dotter åt Sadok.
34Han gjorde det som rett var i Herrens augo, og for i alle måtar åt som Ussias, far hans, hadde gjort.2 Kong 15,3; 14,3
35Men offerhaugane vart ikkje nedlagde; folket heldt ved og ofra slaktoffer og brende røykjelse på haugane. - Det var Jotam som bygde øvre porten i Herrens hus.
36Det som meir er å segja um Jotam og alt det han gjorde, det stend skrive i krønikeboki åt Juda-kongane.
37På den tidi tok Herren til å senda Resin, kongen i Syria, og Pekah Remaljason mot Judariket.2 Kong 16,5
38So for Jotam til federne sine og vart gravlagd hjå federne sine i byen åt David, ættefaren sin. Akas, son hans, vart konge etter han.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.