1Benhadad, kongen i Syria, samla heile heren sin. Tvo og tretti kongar fylgde han med hestar og vogner då han for i herferd. Han kringsette Samaria og gjorde åtak på byen.
2Samstundes sende han nokre menner inn i byen til Akab, Israels-kongen,
3med det bodet: So segjer Benhadad: Sylvet og gullet ditt er mitt, og dei venaste av konone og borni dine er mine.
4Israels-kongen svara: Det er som du segjer, herre konge. Eg og alt mitt er din eigedom.
5Men sendemennene kom att og sa: So segjer Benhadad: Eg sende bod til deg at du skulde gjeva meg sylvet og gullet ditt og konone og borni dine.
6Men i morgon dette bel sender eg folki mine til deg, og då skal dei ransaka både ditt hus og husi åt mennene dine, og alt det som augo dine hev hugnad i, skal dei eigna seg til og taka med seg.
7Då kalla Israels-kongen til seg alle styresmennene i landet og sa: No ser de vel klårt at han berre vil oss vondt. For då han sende bod til meg, var det mine konor og born og mitt sylv og gull han kravde, og eg meinka han ikkje noko av det.
8Då svara alle styresmennene og alt folket: Du må ikkje høyra på han og ikkje gjera han til viljes.
9So sa han til sendemennene frå Benhadad: Seg til min herre kongen at eg skal gjera alt det han sende bod til meg um fyrste gongen; men dette kann eg ikkje gjera. Det svaret for sendemennene attende med.
10Men Benhadad sende endå ein gong bod til han med dei ordi: Gudane lat meg bøta både no og sidan um gruset av Samaria vert nok til å fylla nevane på alt det folket som fylgjer meg.
11Då svara Israels-kongen: Seg til herren dykkar: Han skulde ikkje kyta den som bind sverdet um seg, liksom den som løyser det av seg!
12Då Benhadad høyrde det svaret - det var medan han sjølv og dei hine kongane sat og drakk i lauvhyttone - sa han til mennene sine: Stell dykk upp! Og dei budde seg til åtak på byen.
13Då gjekk ein profet fram for Akab, Israels-kongen, og sa: So segjer Herren: Ser du denne ovstore hopen? I denne dag gjev eg dei i dine hender, og du skal sjå at eg er Herren.
14Akab spurde: Kven er det som skal setja dei i verk. Profeten svara: So segjer Herren: Sveinane åt landshovdingane; so lyder Herrens ord. So spurde Kongen: Kven skal byrja striden? Hin svara: Du sjølv.
15So mynstra Akab mennene åt landshovdingane; dei var tvo hundrad og tvo og tretti i talet. Sidan mynstra han alt folket - alle Israels-borni - det var sju tusund mann.
16Ved middagsleite braut dei ut, medan Benhadad sat og drakk seg eit rus i lauvhyttone i lag med dei tvo og tretti kongane som var hjelpesmennene hans.
17Sveinane åt landshovdingane var dei fyrste som tok ut. Benhadad hadde speiarar ute, og dei kom til han og sa frå: Det hev drege herfolk ut frå Samaria.
18Då sa han: Tak dei levande, anten dei kjem i fredeleg ærend, eller dei kjem og vil slåst.
19So drog dei ut or byen, både sveinane åt landshovdingane og heren som fylgde dei.
20Dei hogg ned kvar sin mann. Syrarane rømde, og Israels-mennene elte dei. Benhadad, syrarkongen, kom seg undan på ein hest saman med nokre ridarar.
21Sidan drog Israels-kongen sjølv ut og slo hestane og stridsvognene og valde stort mannefall millom syrarane.
22Då gjekk profeten fram for Israels-kongen og sa til han: Tak no på og bu deg til strid, og tenk vel etter kva du skal gjera. For til års kjem syrarkongen og tek på deg att.
23Og hirdmennene åt syrarkongen sa til kongen sin: Guden deira er fjellgudar; difor vann dei på oss; men slåst me med dei på slettlende, so vinn me på dei - det kann du vera viss på.
24Gjer no som me segjer: Set alle desse kongane av frå veldet deira, og set inn jarlar i staden!
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.