1Då den kana'anitiske kongen i Arad, som budde i sudlandet, høyrde at Israel kom farande etter Atarimvegen, tok han på dei og fanga nokre av dei og drog av med dei.
4Frå Horfjellet tok dei leidi burt imot Raudehavet og vilde fara ikring Edomlandet. Men på vegen vart folket utoluge;
7So kom dei til Moses og sa: Me synda då me lasta Herren og deg. Bed Herren at han vil fria oss frå ormane! Då bad Moses for folket.
8Og Herren sa til Moses: Gjer deg ein seraform og set han upp på ei stong, so skal kvar ein som er ormhoggen og ser burt på han, få leva.
9So gjorde Moses ein koparorm og sette han på ei stong, og kvar gong ormane hadde hogge nokon og han såg burt på koparormen, fekk han leva.
30Me skaut dei ned; Hesbon er lagd øyde, alt til Dibon. Me herja til Nofah, med eld alt burt åt Medba.
31So vart Israel buande i Amoritarlandet.
32Moses sende njosnarar til Jaser, og dei la under seg alle byane der ikring; og han dreiv ut amoritane som budde der.
33So tok dei på ei onnor leid og for uppetter til Basan; og Og, kongen i Basan; for i mot dei til Edre'i med alt herfolket sitt og baud ufred.5 Mos 3,1-11; 29,7-9
34Då sa Herren til Moses: Du treng ikkje vera redd han! Eg hev gjeve han i dine hender med alt folket og landet hans, og du kann gjera med han som du gjorde med Sihon, kongen yver amoritane, som budde i Hesbon.Sal 136,19-20
35So hogg dei han ned, både han og sønene og alt folket hans, so ingen vart att eller slapp undan, og sidan eigna dei til seg landet.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.