1Og No'omi, vermor hennar, sa til henne: Eg vil sjå til å finna deg ein heim, dotter mi, so du kann få det godt.
10Då sa han: Herren velsigne deg, dotter mi! Du hev no synt større kjærleik enn fyrr, med di du ikkje hev gjenge etter dei unge karane, korkje fatige eller rike.
11Ver no ikkje redd, dotter mi! Alt det du segjer, vil eg gjera for deg; for alt folket i byen min veit at du er ei fagna kvinna.
12Det er sant som du segjer: Eg er i røyndi løysingsmannen din; men det finst ein annan løysingsmann som er næmare enn eg.
13Ver no her i natt! Vil han då i morgon løysa deg, vel, so lat han det! Men hev han ikkje hug til å løysa deg, so skal eg gjera det, so visst som Herren lever! Ligg no her til morgons!
14So vart ho liggjande nedmed føtene hans til morgons, då reiste ho upp fyrr det var so ljost at folk kunde kjenna kvarandre; for han tenkte: Det må ikkje spyrjast at kvinna hev kome hit til treskjestaden.
15Sidan sa han: Kom hit med den kåpa du hev på deg, og haldt henne fram! So heldt ho kåpa fram, og han mælte i seks mål bygg og la det på ryggen hennar; dermed gjekk ho inn til byen.
16Då ho kom heim til vermor si, spurde ho: Korleis gjekk det deg, dotter mi? Då fortalde ho henne alt det mannen hadde gjort mot henne,
17og sa: Desse seks måli med bygg gav han meg; for han sa: Du må ikkje koma tomhendt heim til vermor di.
18Då svara No'omi: Haldt deg no i ro, dotter mi, til du fær sjå korleis det gjeng med dette! For den mannen gjev seg ikkje fyrr han fær greidt saki, og det i denne dag.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.