1Herrens ord kom til meg, og det lydde so:
2Menneskeson, vend andletet mot Gog i Magoglandet, fyrsten yver Ros, Mesek og Tubal, og spå imot han
13Sjeba og Dedan og kjøpmennene frå Tarsis og alle ungløvone deira skal segja til deg: Kjem du og vil rana og røva? Hev du drege i hop dine herskarar til å gjera herfang, til å føra burt sylv og gull, til å taka bufe og gods, til å rana ran i det store?
14Difor skal du spå, menneskeson, og segja til Gog: So segjer Herren, Israels Gud: Sjå, når den tidi kjem då Israel, folket mitt, bur trygt, då fær du nok vita det.
15Då skal du koma frå landet ditt lengst nord i heimen, du og mange folkeslag med deg, ridande på hestar alle saman, ein stor skare og ein veldig her;
16som ei sky skal du fara upp mot mitt folk Israel og skyla landet. I dei siste dagane skal det henda; då let eg deg koma yver landet mitt, so folkeslagi skal læra å kjenna meg, når eg syner min heilagdom på deg, Gog, for augo på dei.
17So segjer Herren, Israels Gud: Er det deg eg tala um i gamle dagar igjenom tenarane mine, profetane i Israel, dei som spådde i dei dagane, år for år, at eg vilde lata deg koma yver dei?
18Men den same dagen, den dagen Gog kjem yver Israelslandet, segjer Herren, Israels Gud, då skal harmen min stiga upp i mi åsyn.
19Og i min brennhug, i min logande vreide segjer eg: Sanneleg den dagen skal det koma ein stor jordskjelv yver Israelslandet.Matt 24,7.21; Luk 21,11.25-26
20Då skal dei skjelva for mi åsyn både fiskane i havet og fuglane i lufti og dyri på marki og alt kreket som krek på jordi, og kvart eit menneske som på jordi bur; fjelli skal brotna og hamrane rapa ned, og kvar ein mur skal falla til jordi.
21Eg vil bjoda ut sverd imot han på alle mine fjell, segjer Herren, Israels Gud; ein skal venda sverdet sitt mot hin.Dom 7,22; 1 Sam 14,20; 2 Krøn 20,23
22Eg vil halda dom yver han med sott og med blod, og støyteregn og haglsteinar, eld og svovel vil eg lata renna yver han og herskarane hans og yver dei mange folkeslagi som er med han.1 Mos 19,24; Jos 10,11; Sal 11,6; Op 20,9
23Soleis vil eg syna meg stor og heilag og gjera meg kjend for augo på mange folkeslag, og dei skal sanna at eg er Herren.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.