Job 18 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Bildad svarar Job at han lyt halda upp med den uvituge talen sin, er so han vil at samrøda skal halda fram, og at han ikkje hev grunn til å tala til venene sine som dei var dårar og ugudlege folk, 1-3. Kor mykje han rasar, stend Guds heimsskipnad ved lag. Lukka åt den ugudlege fær ein brå ende; kringsett som han er på alle leider av fårar og redslor, finn han ingen stad kvild eller ro, og til sist gjer svolt og sjukdom og daude ende på han; bustaden hans vert øydd, ætti hans gjeng til grunns, minnet um han vert utstroke, sjølv vert han støytt ut i daudemyrkret, og heile verdi vert forstøkt yver ulukka hans, 4-21.

1Då tok Bildad frå Suah til ords og sa:

2Når skal de setja stenge, tru, for ordi dykkar? Kom fyrst til vit, so kann me talast ved.

3Kvi skal me reknast liksom fe? Kvi er me ureine i dykkar augo?

4Å du som riv deg sund i vreide! Skal jordi øydast for di skuld? Skal fjellet flytjast frå sin stad?

5Men ljoset sloknar for ein gudlaus like fullt, og logen av hans eld skal ikkje skina.

14Or tjeldet sitt, som han set lit til, vert han riven burt, du styrer stegi hans til redsle-kongen.

21Just soleis gjeng det nidings hus, heimen åt den som ikkje kjenner Gud.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help