1Men for mi eigi skuld og sette eg meg fyre at eg ikkje atter vilde koma til dykk med sorg.2 Kor 12,21
2For um eg gjer dykk sorg, kven er det då som gjer meg glad, utan den som eg gjer sorg?
3Og just difor var det eg skreiv, so eg ikkje, når eg kom, skulde få sorg av dei som eg skulde hava gleda av; for eg hev den tiltru til dykk alle at mi gleda er gleda for dykk alle.
4For i myki trengsla og hjartans tyngsla skreiv eg dykk til med mange tåror ikkje for di at de skulde få sorg, men at de skulde kjenna den kjærleiken som eg serleg hev til dykk.
5Men um nokon hev gjort sorg, so er det ikkje meg han hev gjort sorg, men til deils - at eg ikkje skal vera for hard - dykk alle.1 Kor 5,1-2
6Det er nok for han med den refsingi han hev fenge av dei fleste,1 Kor 5,13
7so at de heller må tilgjeva og trøysta han, so han ikkje skal ganga under i endå tyngre sorg.Luk 17,3
8Difor bed eg dykk at de må lata kjærleik råda mot han.
9For difor var det og eg skreiv, at eg skulde få vita um de held prøva, um de er lydige i alt.
10Men den som de tilgjev, han tilgjev eg og. For det eg hev tilgjeve - um eg hev havt noko å tilgjeva - det hev eg gjort for dykkar skuld, for Kristi åsyn, so me ikkje skal verta dåra av Satan;
11for me er ikkje uvitande um hans råder.
12Då eg kom til Troas for Kristi evangelium skuld, og ei dør var opna for meg i Herren, hadde eg ikkje ro i mi ånd, av di eg ikkje fann Titus, bror min,Apg 20,1
13men eg bad farvel med dei og for til Makedonia.
14Men Gud vere takk, som alltid fører oss fram på sigerferd i Kristus og ved oss openberrar angen av kunnskapen um han på kvar stad!1 Kor 15,57; Kol 1,27
15For me er Kristi huglege ange for Gud, millom dei som vert frelste, og millom dei som vert fortapte,1 Kor 1,18
16for desse ein ange av daude til daude, for hine ein ange av liv til liv. Og kven er vel dugleg til dette?Luk 2,34; 2 Kor 3,6
17For me er ikkje slike som dei mange, at me forfalskar Guds ord til eigi vinning; men som i reinleik, ja som av Gud, talar me for Guds åsyn i Kristus.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.