1So tok dei ut att frå Elim, og femtande dagen i andre månaden etter at dei hadde fare frå Egyptarlandet, kom heile Israels-lyden til Sinøydemarki, som ligg millom Elim og Sinai.
2Medan dei var der i øydemarkene, tok heile Israels-lyden til å mukka mot Moses og Aron
3og sa: Det vøre betre me hadde døytt for Herrens hand i Egyptarlandet, då me sat uppyver kjøtgrytene og åt oss mette på brød. For no hev de ført oss ut i villmarki, so heile denne mannefjølden lyt døy av svolt.
32Og Moses sa: Høyr no kva Herren segjer til dykk: Ein full omer med manna skal de gøyma åt etterkomarane dykkar, so dei kann sjå det brødet eg gav dykk å eta i øydemarki då eg førde dykk ut or Egyptarlandet!
33So sa han til Aron: Tak ei krukka og hav upp i henne ein full omer med manna, og set det ned for Herrens åsyn, so det vert gøymt åt etterkomarane dykkar.
34Og Aron gjorde som Herren hadde sagt til Moses, og sette det ned framfor vitnemålet; der skulde det gøymast.
35Israels-borni åt manna i fyrti år, til dess dei kom til bygt land; manna åt dei alt til dei kom til utenden av Kana'anslandetJos 5,12
36Ein omer er tiandeparten av ein efa.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.