Malaki 2 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Profeten refser prestane for di dei ikkje fer ærleg fram som federne deira gjorde, og hev brote den pakti Herren gjorde med Levi, og trugar dei med hard straff dersom dei ikkje vender um og ærar Herrens namn, 1-9; han forkynner og Herrens straff yver dei som skyt frå seg sine israelitiske konor og gifter seg med heidne kvinnor, 10-16, og refser dei som skuldar Gud for urettferd og spør etter Guds dom, 17.

1Og no kjem dette bodet til dykk, prestar:

2Vil de ikkje høyra og ikkje leggja dykk det på hjarta, so de gjev mitt namn æra, segjer Herren, allhers Gud, so sender eg forbanningi mot dykk og forbannar velsigningane dykkar; ja, eg hev alt forbanna dei, av di de ikkje legg det på hjarta.

3Sjå, eg bannar avkjømet dykkar og kastar møk i andletet på dykk, møk av dykkar høgtidsoffer; og dei skal kasta dykk sjølve uppi møki.

4Då skal de sanna at eg hev sendt dykk dette bodet, av di det skal vera mi pakt med Levi, segjer Herren, allhers Gud.

5Den pakti eg hadde med han, lova honom liv og lukka; det gav eg han so han skulde ottast meg, og han ottast meg og skalv for mitt namn.

10Hev ikkje me EIN far alle saman? Hev ikkje EIN Gud skapt oss? Kvi fer me då med svik mot kvarandre og vanhelgar fedrepakti?

14Og de spør: Korleis då? Jau, Herren hev vore vitne millom deg og ditt ungdoms-viv, henne som du hev vore utru imot, endå ho er ektemaken din og kona di som du hev gjort pakt med.

16For eg hatar skilsmål, segjer Herren, Israels Gud; med det sveiper ein vald um klædi sine, segjer Herren, allhers Gud. So tak då vare på dykkar liv og ver ikkje utrue!

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help