Ordtaka 21 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)
Um hjarta åt kongen, 1, eigne vegar, 2, rettferd og offer, 3.27, storlæte, 4.24, annsemd, 5, urett vinning, 6, ugudlege og rettferdige, kjærlege, ærlege folk, 7.10.12.15.18.21.26.27.29, falsk og ærleg åtferd, 8, trettekjære kvinnor, 9.19, tukt og upplæring, 11, hjarteløysa, 13, gåvor, 14; korleis det gjeng med dårar, 16, um verdsleg hug, 17, visdoms frukt og kraft, 20.22.30, å vara tunga si, 23, latskap, 25.26, falske vitne, 28; frelsa kjem frå Herren, 31.
1Konge-hjarta er i Herrens hand som bekker, han vender det kvar helst han vil.
5Tankane hjå den annsame fører berre til vinning, men hastverk berre til tap.
13Den som dytter øyra til for armings rop, han skal sjølv ropa og ikkje få svar.
14Gåva i løyndom stiller vreide, og gjeving i løynd stiller største harmen.