1Og Herren tala til Moses og sa:
2Tala til Israels-borni og seg: Når nokon uviljande syndar mot eit av Herrens bod og gjer noko som han hev forbode å gjera, so høyr:
3Er det den salva presten som syndar og fører skuld yver folket, so skal han til bot for den syndi han hev gjort, ofra til Herren ein ung ukse som ikkje hev lyte; det skal vera syndofferet hans.
4Han skal leida uksen fram for Herrens åsyn, til døri åt møtetjeldet, og han skal leggja handi på hovudet åt uksen, og han skal slakta uksen for Herrens åsyn.
5So skal han, den salva presten, taka noko av ukseblodet og bera det inn i møtetjeldet.Hebr 13,11
6Og han, presten, skal duppa fingeren i blodet, og han skal skvetta av blodet sju gonger for Herrens åsyn, framanfor forhenget i heilagdomen.3 Mos 8,11; 14,7; 16,14
7Noko av blodet skal han strjuka på horni på altaret med den angande røykjelsen, det som stend framfor Herrens åsyn i møtetjeldet, og det som er att av ukseblodet, skal han hella ut innmed foten på brennofferaltaret, som stend framanfor døri til møtetjeldet.2 Mos 29,12; 40,6
8Alt feittet som er på syndofferuksen, skal han taka utor han, både netja og alt feittet som er på innvolen,
9og båe nyro med talgi som er på dei og rekk burtåt låri, og den store levreflaga - den skal han skjera utor i hop med nyro -
10alt dette skal han taka ut, like eins som på takkofferuksen, og so skal han brenna det på brennofferaltaret.3 Mos 3,3-5
11Men hudi av uksen og alt kjøtet, med hovudet og føtene, og innvolen og møki,
12heile uksen, skal han føra ut or lægret til ein rein stad, der dei slær ut oska, og brenn det upp med ved; der som oska vert slegi ut, der skal dei brenna det.3 Mos 6,23; 4 Mos 19,5; Hebr 13,11
13Hev heile Israels-lyden misfare seg, hev folket seg uvitande gjort noko av det som Herren hev forbode å gjera, og ført skuld yver seg,4 Mos 15,24-31
14og det sidan vert kunnigt kva dei hev synda i, so skal folket ofra ein ung ukse til syndoffer. Den skal dei leida fram åt møtetjeldet,
15og dei eldste av lyden skal leggja hendene på hovudet åt uksen for Herrens åsyn, og so skal uksen slaktast for Herrens åsyn.
16Den salva presten skal bera noko av ukseblodet inn i møtetjeldet,
17og han, presten, skal duppa fingeren i blodet og skvetta sju gonger for Herrens åsyn, framanfor forhenget.3 Mos 4,6-16
18Noko av blodet skal han strjuka på horni åt det altaret som stend framfor Herrens åsyn i møtetjeldet, og det som er att av blodet, skal han hella ut innmed foten på brennofferaltaret, som stend framanfor døri til møtetjeldet.
19Alt feittet skal han taka utor uksen og brenna det på altaret.
20Som han gjorde med hin syndofferuksen, so skal han gjera med denne og. Soleis skal presten gjera soning for dei, so dei fær tilgjeving.3 Mos 4,3-11
21Sidan skal dei føra uksen utanfor lægret og brenna han, liksom dei brende den fyrste uksen. Dette er syndofferet for lyden.3 Mos 4,12
22Når ein hovding misfer seg og uviljande gjer noko av det som Herren hans Gud hev forbode å gjera, og soleis fører skuld yver seg,
23og det vert kunnigt for han kva han hev synda i, so skal han koma med ei offergåva, og det skal vera ein geitebukk, ein som ikkje hev lyte.
24Han skal leggja handi på hovudet åt bukken og slakta han på same staden som dei slaktar brennofferet for Herrens åsyn; det er eit syndoffer.
25Presten skal taka noko av syndofferblodet på fingeren og strjuka det på horni åt brennofferaltaret, og det som er att av blodet, skal han hella ut innmed foten på brennofferaltaret.
26Og alt feittet skal han brenna på altaret liksom han gjorde med feittet av takkofferet. Soleis skal presten gjera soning for han og reinsa han frå syndi hans, so han fær tilgjeving.3 Mos 3,3-5
27Er det ein ålmugemann som uviljande syndar mot eit av Herrens bod og gjer noko som han ikkje skulde gjera, so han fører skuld yver seg,4 Mos 15,27
28og det vert kunnigt for han kva han hev synda i, so skal han til bot for den syndi han hev gjort, koma med ei offergåva, og det skal vera ei geit, ei som ikkje hev lyte.
29Han skal leggja handi på hovudet åt syndofferdyret, og han skal slakta syndofferdyret på same staden som dei slaktar brennofferet.
30Og presten skal taka noko av blodet på fingeren og strjuka det på horni åt brennofferaltaret, og det som er att av blodet, skal han hella ut innmed altarfoten.
31Alt feittet skal han taka utor, liksom dei tek ut feittet på takkofferet, og presten skal leggja det på altaret og brenna det til godange for Herren. Soleis skal presten gjera soning for han, so han fær tilgjeving.3 Mos 3,9-16
32Vil han heller taka ein sau til syndoffer, so skal han koma med ei søya som ikkje hev lyte.
33Han skal leggja handi på hovudet åt offerdyret, og so skal han slakta det til syndoffer på same staden som dei slaktar brennofferet.
34Og presten skal taka noko av syndofferblodet på fingeren og strjuka det på horni åt brennofferaltaret, og det som er att av blodet, skal han hella ut innmed altarfoten.
35Alt feittet skal han taka utor, liksom dei gjer med takkoffersauen, og presten skal brenna det på altaret saman med Herrens eldofferet. Soleis skal presten gjera soning for han for den syndi han hev gjort, so han fær tilgjeving.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.