3. Mosebok 10 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Nadab og Abihu ber framand eld inn i heilagdomen; eld frå Herren drep dei, 1-5. Heile Israel skal syrgja yver dette; men Aron og sønene hans må ikkje riva sund klædi sine eller raka seg på hovudet, 6.7. Dei må ikkje drikka vin eller annan sterk drykk når dei gjeng inn i heilagdomen, 8-11. Moses segjer kva dei skal eta av offeri, og refser dei for di dei ikkje hev ete av syndofferet; Aron orsakar dei, 12-20.

1Men tvo av Arons-sønene, Nadab og Abihu, tok kvar sitt glodfat og hadde glør i og la røykjelse på glørne og bar framand eld fram for Herrens åsyn, som han ikkje hadde gjeve dei påbod um.

2Då for det eld ut frå Herren åsyn og tynte dei, og dei døydde for Herrens åsyn.

7Og frå møtetjelddøri må de ikkje ganga burt, so sant de ikkje vil missa livet; for Herrens salvingsolje er på dykk. Og dei gjorde som Moses sa.

8Og Herren tala til Aron og sa:

9Vin eller nokon sterk drykk må du og sønene dine ikkje drikka når de gjeng inn i møtetjeldet; for då kjem de til å missa livet. Det skal vera ei æveleg lov for dykk, ætt etter ætt,

20Då Moses høyrde det, tykte han det var rett.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help