1David samrådde seg med hovudsmennene, både dei yver tusund og dei yver hundrad mann - med alle hovdingane.
6Og David og heile Israel for upp til Ba'ala - til Kirjat-Jearim, som ligg i Judafylket - og vilde henta kista åt Gud Herren, han som tronar yver kjerubane, den kista som namnet hans vert nemnt yver.1 Sam 4,4; 2 Kong 19,15
7Dei sette Guds kista på ei ny vogn og førde henne burt or huset hans Abinadab; det var Ussa og Ahjo som køyrde vogni.
8Og David og heile Israel dansa og leika for Guds åsyn av all makt, alt medan dei song og spela på citar og harpa og slo på trumma og cymbel og bles i lur.
9Då dei kom til treskjestaden åt Kidon, rette Ussa ut handi og vilde taka fat i kista, av di uksane var ustyrlege.2 Sam 6,6-11
10Då loga Herrens harm upp mot Ussa, og Guds hand råma han for di han hadde rett ut handi si mot kista, so han døydde der for Guds åsyn.
11Det gjekk hardt inn på David at Herren hadde slege Ussa ned; difor kalla dei den staden Peres-Ussa, og det namnet hev halde seg til denne dag.1 Krøn 15,13
12Den dagen vart David redd Herren og sa: Korleis skulde eg kunna føra Guds kista heim til meg?
13Og han flutte ikkje kista heim til seg i Davidsstaden, men let dei føra henne burt til huset åt Obed-Edom, som var frå Gat.
14Der hjå Obed-Edom, i huset hans, vart Guds kista ståande i tri månader, og Herren velsigna huset åt Obed-Edom og alt som var hans.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.