Josva 24 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Josva samlar heile Israel i Sikem, minner dei um alle Herrens velgjerningar alt ifrå den tid Abraham vart utvald, og til landet var teke, 1-13, og manar dei til å tena den sanne Gud; det lovar dei gong på gong at dei vil gjera, 14-24. Josva nyar uppatt Herrens pakt med Israel, 25-28, døyr og vert gravlagd, 29-31. Beini åt Josef vert gravlagde, 32. Eleasar døyr og vert gravlagd, 33.

1So samla Josva alle Israels-ættene i Sikem og kalla til seg styresmennene i Israel og hovdingane og domarane og tilsynsmennene deira, og dei steig fram for Guds åsyn.

2Då tala Josva soleis til heile folket: So segjer Herren, Israels Gud: På hi sida elvi budde i gamle dagar federne dykkar, millom dei Tarah, far åt Abraham og Nakor, og dei tente framande gudar.1 Mos 11,26.31

3Og eg henta Abraham, far dykkar, frå hi sida åt elvi og førde han ikring i heile Kana'anslandet; og eg auka ætti hans og gav han Isak.1 Mos 12,1-3; 21,2

4Og Isak gav eg Jakob og Esau: Esau let eg få Se'irfjelli til eigedom, men Jakob og borni hans for ned til Egyptarland.1 Mos 25,24-26; 36,8; 5 Mos 2,5; 1 Mos 46,6-7

5Sidan sende eg Moses og Aron og heimsøkte egyptarane med dei plagone de veit, og so førde eg dykk ut.1 Mos 7,1-24; 8,1-22; 9,1-29; 10,1-32; 1 Sam 12,8

6Då eg no førde federne dykkar ut or Egyptarland, kom de til sjøen; men egyptarane sette etter federne dykkar til Raudehavet med vogner og hestfolk.2 Mos 12,37.41.51; 14,5-9

7Då ropa dei til Herren, og han sende eit tett myrker millom dykk og egyptarane og let havet slå i hop yver dei og gøyma dei burt. Med eigne augo såg de kva eg gjorde i Egyptarland. Sidan var de lenge i øydemarki.2 Mos 14,10-14; 4 Mos 14,33

8So førde eg dykk inn i landet åt amoritane, som budde austanfor Jordan, og dei stridde mot dykk, men eg gav dei i dykkar hender; de eigna til dykk landet deira, og eg rudde dei ut for dykk.4 Mos 21,24.31

9Balak Sipporsson, kongen i Moab, budde seg til strid og tok på Israel; han sende bod på Bileam Beorsson og bad han lysa forbanning yver dykk;4 Mos 22,1-41; 23,1-30; 24,1-25; 5 Mos 23,4-8

10men eg vilde ikkje lyda etter Bileam, og han laut velsigna dykk; soleis berga eg dykk ifrå han.

11So for de yver Jordan og kom til Jeriko, og Jeriko-buane stridde mot dykk, og det same gjorde amoritane og ferisitane og kana'anitane og hetitane og girgasitane, hevitane og jebusitane; men eg gav dei i dykkar hender.Jos 3,14-17; 6,20; 10,1-15; 11,1-15

12Kvefsar sende eg fyre dykk, og dei støkte dei burt for dykk liksom båe amoritarkongane; det var ikkje med sverdet ditt eller bogen du dreiv dei ut.2 Mos 23,28; 5 Mos 7,20; Sal 44,4

13Eg gav dykk eit land som du ikkje hev havt noko strev med, og byar som ikkje de hev bygt, og der sette de dykk ned; de et av vinhagar som de ikkje sjølve hev stelt til, og av oljetre som de ikkje hev planta.5 Mos 6,10-12

14So ber då age for Herren og ten han ærleg og trufast! Skil dykk av med dei gudane som federne dykkar dyrka på hi sida elvi og i Egyptarland, og ten Herren!Fork 12,13; 2 Mos 20,3

15Men hev de ikkje hug til å tena Herren, so vel i dag kven de vil tena, anten dei gudane som federne dykkar på hi sida elvi tente, eller gudane åt amoritane, som åtte det landet de bur i! Men eg og mitt hus me vil tena Herren.

16Då svara folket so: Å, nei, aldri kunde me koma på slikt som å falla frå Herren og tena framande gudar!

17For Herren vår Gud han var det som førde oss og federne våre ut or Egyptarlandet, or slavehuset, og som gjorde desse store teikni for augo våre og vara oss på heile den vegen me for, og millom alle dei folkeslagi me laut framum.

18Herren var det som dreiv burt for oss amoritane som budde her i landet, og alle dei andre folki. Me og vil tena Herren; for han er vår Gud.

19Og Josva sa til folket: De er ikkje god til å tena Herren, for han er ein heilag Gud. Ein streng Gud er han; han vil ikkje hava tol med broti og syndene dykkar.2 Mos 23,21

20Fell de frå Herren og tener framande gudar, då kjem han til å venda seg burt og lata det ganga dykk ille og gjera ende på dykk, kor mykje godt han fyrr hev gjort dykk.Jos 23,15-16

21Folket svara: Jau, me vil tena Herren.

22Då sa Josva til dei: So vitnar de då mot dykk sjølve at de hev valt Herren og vil tena han. Dei sa: Ja, det vitnar me.

23Då sa Josva: Hav då burt dei framande gudane som er hjå dykk, og bøyg hjarta dykkar innåt Herren, Israels Gud!1 Sam 7,3

24Og folket svara: Ja, Herren vår Gud vil me tena, og hans ord vil me lyda.

25Den dagen gjorde Josva ei pakt med folket i Sikem og sette dei lov og rett.2 Mos 15,25

26Og Josva skreiv desse ordi upp i Guds lovbok; so tok han ein stor stein og reiste upp under den eiki som stend frammed heilagdomen åt Herren,1 Mos 12,6-9; 35,4

27og tala soleis til heile folket: Denne steinen skal vera vitne imot oss, for han hev høyrt kvart ord som Herren hev tala med oss; og han skal vera vitne mot dykk, so de ikkje gløymer Herren dykkar Gud.

28So bad Josva farvel med folket, og dei for heim att, kvar til sin eigedom.Dom 2,6-19

29Ei tid etter dette hadde hendt, døydde Josva Nunsson, Herrens tenar, hundrad og ti år gamal.

30Han vart gravlagd på sin eigen gard og grunn, i Timnat-Serah, som ligg i Efra'imsfjelli, nordanfor Ga'asfjellet.Jos 19,50

31Israel tente Herren so lenge Josva var til, og so lenge dei gamle var til som levde etter Josva og kjende til alle dei storverk som Herren hadde gjort for Israel.

32Beini åt Josef, som Israels-borni hadde ført med seg frå Egyptarland, gravla dei attmed Sikem på den marki som Jakob hadde kjøpt av sønene åt Hemor, far hans Sikem, for hundrad kesitar, og som Josefs-borni hadde fenge til odel og eiga.1 Mos 50,25; 2 Mos 13,19; Apg 7,16; 1 Mos 33,19

33Sidan døydde Eleasar, son åt Aron, og vart gravlagd på den haugen som Pinehas, son hans, hadde fenge i Efra'imsfjelli.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help